Vi er heldige i Hareid

Kyrkja i Hareid var prega av endringar i 2019. Då snakkar vi om kyrkjebygget. Fleire månadar med stengt hus i høve nytt golv og varmesystem, fleire månadar med stengt inngangsparti for oppgradering av våpenhus og nytt toalett. Det har vore stor og positiv vilje frå folket som har brukt kyrkja! Andre hus vart brukt medan renoveringa pågjekk, og endringar og tilpasningar i arbeidet vart gjort. Men kva gjer vel det når resultatet vart så bra?

Frå venstre: Kristoffer Indreeide Grimstad, leiar i det nye kyrkje- og kyrkjegardsutvalet, Ulf Christensen frå Miljø og Ressursdrift (rådgjevar for det nye varmesystemet), Bente Andreassen Pilskog, kyrkjeverje og Paul Arne Ulstein, prosjektleiar frå Hareid kommune. Foto: Hareid sokn

Takk til Hareid kommune
Vi er djupt takksame til kommunen som løyvde pengar til dette store prosjektet og som velvillig har følgt med heile vegen gjennom ein dyktig prosjektleiar. Dette hadde ikkje vore mogleg å få til utan denne felles innsatsen. No har vi ei «ny» kyrkje som kan tene mange ulike formål i lang tid framover. Vi ynskjer at kyrkja skal vere for alle, gjennom alle fasar av livet, og det trur vi at vi no kan få til enda betre enn før.

Renovering av kyrkjerommet
Kyrkjerommet har fått nytt golv, golv i koret er mala, gamalt elektrisk system er skifta ut og ledningar ligg no skjult i golvet. Dei gamle golvmonterte rørovnane er bytta ut og nye varmomnar/konvektorar er satt inn. Dette er eit miljøvennleg og sentralisert system for luft-varme varmepumpe med brukarvennleg, digital varmestyring ut frå aktiviteten i kyrkja.

Ytterdørene er utbetra med nye lister og pakningar slik at dei ikkje lekk så mykje varme som før, samt råteskader i nokre dører er reparert. Det er også gjort utbetringar på nokre vannrør og isolering, slik at vi til vinteren slepp at vatnet frys i prestesakristiet. Det er mykje tekniske installasjonar i eit teknisk rom ved redskapshuset ovanfor kyrkja, samt to installasjonar som førebels står utandørs. Desse vil i vår bli innebygd i høve eit tilbygg på redskapshuset.

Inngangspartiet til kyrkja
Hareid kyrkje er listeført som verneverdig. Riksantikvar og biskop ville ikkje tilråde tilbygg på kyrkja, difor valte vi å lytte til desse fagråda og heller gå for ei ombygging av eksisterande inngangsparti som blei anbefalt. I forlenging av renoveringsarbeidet i kyrkjerommet, blei det altso gjort ei ombygging av kyrkja sitt innvendige inngangsparti. Der er no eit nytt toalett inne i kyrkja på eitt golvplan og universelt utforma så langt det let seg gjere i ei kyrkje frå 1877. Areala til dei gamle toaletta må nyttast for å få til dette. I tillegg fekk vi eit bøttekott med utslagsvask i høve reinhaldsarbeid i kyrkja, samt eit lite lager til bord og stolar.
Arbeidet med inngangspartiet blei gjort parallelt med at kyrkja var i bruk, sidan dette arbeidet i hovudsak var i sidepartia til våpenhuset. Golv i våpenhus blei ikkje skifta, men fekk teppeflis.

Kjøkkenkrok i dåpssakristiet
Dåpssakristiet er eit tilbygg til den opprinnelege kyrkja, og vi fekk difor godkjenning til å lage ein kjøkkenkrok i dåpssakristiet med både vask, kjøleskap og kokeplater. Dette har lenge vore ønskjeleg i høve kyrkjekaffi og matlaging i høve undervisning.

Takk til alle som har jobba med prosjektet
Vi takkar alle som har jobba for å få til dette flotte resultatet, og det er ikkje få som har samhandla. Her kan nemnast Hareid kommune og prosjektleiar, Hareid kyrkjelege fellesråd og kyrkje- og kyrkjegardsutvalet i Hareid sokn, Biskop, Riksantikvar, Kirkerådet, arkeolog, entreprenørar og staben i Hareid sokn.

Vi takkar alle for tålmod med ei tidvis stengt kyrkje, og er stolt og glad for at folkekyrkja i Hareid fekk dette etterlengta løftet.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"