Hareid kyrkje blir stengd for renovering

Hareid kyrkje skal få nytt golv og varmesystem i løpet av sommaren 2019, og blir difor stengd i perioden 20. mai til utpå hausten eingong. Gudstenester, dåp, gravferder, vigslar og enkelte andre arrangement, vil i byggeperioda bli på Hareid bedehus i staden for kyrkja. Brudepar som ønskjer vigsel i kyrkje, har fått tilbod om å bruke Ulstein kyrkje, eventuelt andre kyrkjer. Vi er sjølvsagt også open for andre lokasjoner for vigsel, til dømes Aarvak, Ishavsmuseet, utandørs, osv.

Foto: Hareid kyrkje

Renovering av kyrkja blei klart etter at Hareid kommune i desember 2018 løyvde midlar. Det har vore god samhandling mellom Hareid kyrkelege fellesråd, Hareid kommune, riksantikvar, arkeolog og biskop, for å finne den beste løysinga og få dei nødvendige godkjenningar.
Vi sett pris på at politikarane i Hareid kommune har løyvd midlar for renovering av nytt golv og varmeanlegg i Hareid kyrkje. Kommunen har det økonomiske ansvaret for kyrkja. Hareid kyrkje er listeført som verneverdig og difor særs viktig at ikkje kyrkja får store etterslep på vedlikehald.

Golvet i kyrkja har lenge vore slitt og varmesystemet er gamalt, utdatert og brannfarleg. Det har vore ein lang prosess å få alt på plass, og kyrkje- og kyrkjegardsutvalet har jobba kontinuerleg med prosjektet i lang tid.

Treng meir areal i inngangspartiet
I tillegg er det behov for meir areal i kyrkja, ein kjøkenkrok, universelt utforma toalett, bøttekott, garderobe og lagringsplass. Riksantikvar og biskop ville ikkje tilråde tilbygg på kyrkja, difor valte vi å lytte til desse fagråda og heller gå for ei ombygging av eksisterande inngangsparti som blei anbefalt. Dåpssakristiet er eit tilbygg til den opprinnelege kyrkja, og vi fekk difor godkjenning til å lage ein kjøkkenkrok i dåpssakristiet - som no er komen på plass.

Skisse for ombygging av inngangsparti skal etter planen snart vere på plass, og etter godkjenning kan også dette arbeidet skje fortløpande i same byggeperiode.

Når kyrkja renoverast blir det ein unntakstilstand i byggeperioda når Hareid bedehus skal nyttast. Vi håper difor på god samhandling, forståing og tålmod frå alle involverte, slik at dette kan løyse seg på best mogleg måte. Vi ser fram til å ta i bruk ei nyrenovert kyrkja til hausten igjen.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"