Oppdaga ein skatt i kyrkjetårnet

Ved ei gudfeldigheit blei det her om dagen funne 5 kassar med gamle bøker oppi kyrkjetårnet. Det viser seg at det rett og slett er eit unikt funn, med bøker frå det aller første "biblioteket" i Hareid.

Leidulv Ø. Grimstad kom over bokkassane for nokre år sidan då han arbeidde med ei masteroppgåve, men rakk ikkje gå igjennom kassene den gong. No tek han dei i syne saman med Finn Sindre Eliassen.

Pensjonert sokneprest i Hareid, Leidulv Ø. Grimstad, går no igjennom desse gamle bøkene saman med Finn Sindre Eliassen, som har jobba 35 år ved Ålesund bibliotek, og som også er engasjert i historielaget.

Dei kan fortelle at Hareid sitt første "bibliotek" vart etablert i 1833 og holdt til i den gamle middelalderkyrkja, ei "åttekant-kyrkje" bygd i 1807.  Denne kyrkja tok til å sige av lage, og med 33 mot 7 røyster vart det vedteke å rive og bygge nytt. Når dagens kyrkje sto ferdig og vigsla i 1877, vart boksamlinga reetablert i kyrkja, etter ei tid der bøkene hadde vore oppbevart i prestestova. Etter omlag 50 år, i 1928, blei boksamlinga flytta frå Hareid kyrkje til Indre Hareid. Det nye biblioteket låg ved sida av Johanbutikken. Det var tidlegare kornlager før det blei kommunehus.

Takka vere Ingolf Hareid, lærar, skulestyrar, klokkar, referent i kommunestyret og formann i Indremisjonen i ei årrekke, som gjorde ein kjempeinnsats i å sortere og ordne samlinga med bøker - kan vi difor no finne desse bøkene.

Den gamlaste boka er frå 1793 og omhandla dyresjukdommar, den nest eldste frå 1808 er Jesu lidingshistorie. Dei religiøse bøkene er for det meste huspostillar, andaktsbøker og ein del lutherske skrifter. Nesten samtlege bøker er skrivne med gotisk skrift. Dette kan vere ein mogleg teori for at desse bøkene ikkje fulgte med på lasset til "neste post" når biblioteket forlot Hareid kyrkje.

Vi skriv 2021 - og Hareid sitt biblioteket får nok ein gong ny lokasjon, i det nybygde helsehuset i sentrum av Hareid. Etter ein tur innom Nasjonalbiblioteket for ein sjekk, vil det kanskje bli mogleg å sjå nokre av desse gamle historiske bøkene i det nye biblioteket - der ny tid kan møte den gamle?

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"