Vi vil nok ein gong gje tilbod om sorggruppe.
Å kjenne på sorg når nokon ein er glad i døyr er ein heilt naturleg reaksjon. Korleis og kor lenge ein sørger er ulikt frå person til person. Alle som sørger må skape eit nytt fotfeste i livet utan den som har dødd, og å sørge samstundes som ein må skape eit nytt fotfeste, er hardt og krevjande arbeid. I eit slikt sorgarbeid har mange gode erfaringar med sorggrupper, der ein møter ulike menneske med ulike historier, men som saman kan støtte kvarandre.
Ei som var med på ei gruppe tidlegare sa det slik; "Sorggruppa hjelpte meg på vegen tilbake til å kjenne livsgleda. Det var så godt å vete at det ikkje var unaturleg slik eg opplevde ting".
Gruppa vert leia av sokneprest i Ulstein, Margit Lovise Holte og sokneprest i Hareid, Lars Hartig-Tangedal.
Møta vil ta plass på Sunnmøre Folkehøgskule (SUFH) på kveldstid.
Ta kontakt med kyrkjekontora for påmelding.
Påmeldingsfrist: 22. november 2019.
Hareid: tlf. 70095130
Ulsteinvik: tlf. 70017680
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.