Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL)

Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) er det nye namnet for det som tidlegare vart kalla for trusopplæring. Undervisning har alltid vore ein del av kyrkja sitt oppdrag. Samtidig har måten ein underviser på utvikla seg over tid. Forståinga av læring og kunnskap har og endra seg. Den norske kyrkja sitt undervisningsoppdrag rettar seg mot alle menneskjer og utøvast i eit mangfoldig, livssynsope samfunn som stadig endrar seg.

Boka "Tidslinja" som omtaler den store forteljinga i Bibelen, er ei kjekk bok som 10-åringane får i si undervisning. Foto: Hareid sokn

«Gud gir – vi delar»
Eit av måla våre er at det stadig kan skapes rom for at born, ungdom og  vaksne kan bli kjent med og utvikle ein relasjon til kristne verdiar, tradisjonar og truspraksis. Kyrkja har eit særskilt ansvar for opplæring for mennesker som er døypt eller søkjer dåp. Samtidig skal kyrkja vere ope og imøtekomande for alle mennesker som søkjer og undrar, og leggje tilrette for livslang læring. 

«Der det nye livet lever,
der tar ingen veier slutt
Alle hindringer og grenser
har et nysatt fotspor brutt.
Hvor det fører, det vet ingen,
men en vandring har tatt til.
Med hele verden som sitt mål
kan ingen gå seg vill.» 

(Tekst: Vidar Kristensen, Norsk salmebok 2013, 697, 1. vers)

 

Tidlinja for 10-åringane
I januar har vi hatt fokus på Bibelen som bibliotek og alle dei viktige historiene som er kjent i heile verda. Bibelen som den mest solgte bok kvart år, og 5 milliardar solgte eksemplar siste 50 åra. Dette, saman med dei 73 bibelteikna er innhald i Bibelsporet, eit kurs som Bibelselskapet har utvikla for skule/kyrkje samarbeid. I tillegg til to dobbeltimar på alle skulane, har dei 10-åringar som ynskjer det, meldt seg på til undervisning og fått boka "Tidslinja". Dei får ta del på gudsteneste og mellom anna skal dei vise fram bibelteikna som dei har lært.
Kjekt!

 

 

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"