Hareid sokn har ledig stilling som Kyrkjeverje

Har du lyst til å vere med og utvikle og leie kyrkja på Hareid? Vår kyrkjeverje går vidare til nye oppgåver i si heimkommune, og vi lyser no ut stillinga. Sjå fullstendig utlysingstekst her.

Stilling ledig - kyrkjeverje

Hareid sokn ligg i Hareid kommune i Møre og Romsdal. Kommunen har 5200 innbyggjarar like sør for Ålesund i eit maritimt miljø med godt utbygde handels- og servicetilbod. Her er eit levande kulturliv, særleg innan song og musikk, og nærleiken til sjø, vatn og fjell gir gode høve til friluftsliv. 

Kommunen er liten i utstrekning, med ei kyrkje og ein gravplass. Kyrkja ligg sentralt i Hareid sentrum, og er kjend og kjær for mange i lokalsamfunnet. Kyrkjelyden har mange engasjerte medarbeidarar og tilbyr trusopplæring til alle i alderen 0-18 år.  

Hareid sokn har ledig stilling som 

Kyrkjeverje

Stillinga har stor fridom til strategisk utvikling og framsynt leiing av verksemda, der siktemålet er vekst i kyrkjelydsarbeidet og som kan prege lokalsamfunnet enno meir. Eit trusopplæringsarbeid, med ei oppslutning blant dei høgaste i landet, er eit sentralt satsingsområde for soknet.

Sentrale oppgåver vil vere:

  • I lag med sokneråd, staben og sentrale utval utforme strategiar og planar for utvikling av verksemda
  • Sakshandsaming og organisering av fellesrådet og soknerådet si verksemd
  • Økonomistyring, rekneskap og budsjett
  • Personalleiing 
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkje og kyrkjegard, gravferdsforvalting
  • Ivaretaking av soknet sine interesser overfor kommunen

 

Vi søkjer etter ein engasjert person med

  • Relevant høgre utdanning. Praksis er ein fordel.
  • Kompetanse innan offentleg forvalting, administrasjon, leiing og økonomi.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Må meistre norsk godt, munnleg og skriftleg.

Den som vert tilsett må vere medlem av og ha nær kjennskap til Den norske kyrkja. 
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. 
Løn etter avtale. Pensjonsordning i KLP. 

Stillinga er for tida 80 %, men med planar om utviding til 100 % frå 01.01.2018, med atterhald om politisk godkjenning. 

Staben er sett saman av kyrkjeverje, sokneprest, kantor, kyrkjelydspedagog, sekretær/medarbeidar i trusopplæringa, kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar, og dagleg leiar for Hareid Frivilligsentral. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Jan Erik Hovland, tlf. 90502658, eller fellesrådsleiar Gunmar Grimstad, tlf. 95787862. 

Søknad skjer via elektronisk søknadsskjema: klikk her.
Søknadsfrist: 10.08.2017

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"