I 2023 fyller Møre bispedøme 40 år. Møre er det yngste bispedømmet i Den norske kyrkja. Men sjølv om bispedømet er ungt, høyrer grunnlaget og andsarven i dette bispedømet til dei eldste og viktigaste røtene for kristen tru i Noreg.
Kyrkja har hatt ein sentral rolle i alle bygder og byar i Møre og Romsdal gjennom tusen år. Ikkje minst har kyrkja hatt ei avgjerande betydning for menneskes liv, i glede og i sorg. 40-årsjubileet gir oss eit høve til å synleggjere lokalkyrkja og noko av alt det fantastiske arbeidet som skjer i alle lokalsamfunn i bispedømmet vårt.
PROGRAMMET FOR OPA KYRKJE I HAREID
LAURDAG TIL SØNDAG 16. - 17. SEPTEMBER 2023
Ope for alle - gratis!
LAURDAG 16/9:
kl. 12.00: 4-åringar øver til gudstenesta søndag der dei skal få utdelt 4-årsboka
kl. 13.00: Sporløp for heile familien på kyrkjegarden
kl. 14.30: Omvisning i kyrkja og prestestova v/Bjørg Vartdal Hareide
kl. 16.30: Presentasjon av den nye historieboka til Hareid historielag "Himmel over bygda" v/historielaget, Leidulv Ø. Grimstad og forfattar Asle Geir Widnes Johansen
kl. 18.30: Kveldstonar frå Hareid kyrkje v/Barnekantoriet, Daniel Eide Moltumyr og musikk/song ved Musikklaget Melshorn
kl. 20.00: Kveldskafe
kl. 20.30: Filmkveld der filmen "The Shack" visast (passar for ungdom og vaksne)
kl. 22.30: Kveldsbøn med musikk/songinnslag
Overnatting i kyrkja for dei som vil (ta med sovepose, pute og underlag)
SØNDAG 17/9:
kl. 09.00: Frukost for dei som har overnatta
kl. 11.00: Gudsteneste med utdeling av "Mi kyrkjebok" for 4-åringar v/Barbro Landmark
kl. 12.00: Kyrkjekaffi (bak i kyrkja eller ute på kyrkjebakken viss godt ver)
Historisk
Møre bispedøme blei oppretta i 1983, då det blei skilt ut frå Nidaros bispedømme og Bjørgvin bispedømme. Møre bispedøme omfattar Møre og Romsdal fylke.
Bispedøme er delt i seks prosti, 25 kyrkjelege fellesråd og 95 sokn/kyrkjelydar. Talet på kyrkjemedlemmer (2021) er 202 644, som svarar til 76 prosent av befolkninga. Bispesetet er Molde.
Den første biskopen var Ole Nordhaug (1983-1991), etterfølgd av Odd Bondevik (1991–2008). Biskop frå 2008 er Ingeborg Synøve Midttømme.