Naboen min er ein duo som lagar musikk for barn. Laurdag 1. oktober speler dei for små og store i Lavik, og håper at folk vil vere med å synge, danse, smile og le. Det blir rare dyr, dansande kroppsdelar og gode moglegheiter for å lære seg nokre gloser på romvesensk!
Duoen består av forfattar, illustratør og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og musikar Bjørnar Sangolt. Dei har gjeve ut platene Rockesock og Alt blir feil.
(Songane finn de på nettet)
I samband med konserten inviterer Lavik sokneråd alle born frå 2-3 år og dei heilt opp til 90 som av og til kjenner seg som born til ein aktivitetsdag/leirdag på Alværa.
Vi startar kl.12.00 med ei samlingsstund og deretter vert det leik og ulike aktivitetar – både ute og inne. Det vert også matpause, pølser og brød, og sjølvsagt kaffi/te til dei vaksne.
Dagen vert avslutta med ein familiekonsert med Naboen min kl.15.00. Håper at mange kjem på konserten. Foreldre/besteforeldre er velkomne til å vere med heile dagen.
Dersom de ikkje har høve til å vere med heile dagen, er det velkomne til familiekonserten.
Born frå heile kommunen og Hyllestad er spesielt velkomne.
For at det skal vere lettare å planlegge, er det flott viss de melder dykk på til aktivitetsdagen til Torunn Styve 95 04 07 18 eller Toril Lange 91 68 94 59 helst i løpet av torsdag 29. sept (men gjerne før). Treng ikkje påmelding til konserten.