Ifølje kjeldeforskning om Orgelvesper-tradisjonen, hadde ikkje soknekyrkjer luksusen til eit polyfonisk kor, og Vespers (Aftensang) vart difor feira med orgel som spelte improvisasjonar og repertoar på dei stadene koret ellers ville ha sunge. Slike Vespers-tenester kravde likevel litt Gregoriansk song, og den vart sungen på ein autentisk måte frå det 16. århundre.
Orgelstykkene som blir spelte denne kvelden er komponert av Heinrich Scheidemann, Hieronymus Praetorius og Samuel Scheidt. Komponistar som representerer Den nordtyske orgelskulen som oppstod på 1600-talet, og som vaks fram under inspirasjon frå den nederlandske organisten Jan Pieterszoon Sweelinck.
Denne orgelvesper-liturgien, hadde eit stort rom for variasjon, og var nesten som ein konsert. Forskjellen er likevel at orgelvespers var, og framleis er, noko som blir lytta til av alle samfunnslag, frå keisar til fattig, i går og i dag.