I fjor var kyrkjene stengde til påske. I år er kyrkjene stengde til påske. Det er trist, men vi må forhalda oss til det og gjera det beste ut av det. Vi har derfor nettgudsteneste Palmesøndag, Skjærtorsdag, Langfredag, Påskeaftan og 1.påskedag:
Digitale påskegudstenester frå Høyanger som ble produserte i fjor og som framleis ligg på YouTube:
Palmesøndag: Digital gudsteneste på YouTube, Høyanger kyrkje.
Skjærtorsdag: Digital gudsteneste på YouTube, Bjordal kyrkje.
Langfredag: Digital gudsteneste på YouTube, Høyanger kyrkje
Påskeaftan: Digital gudsteneste på YouTube, Høyanger kyrkje.
1.påskedag: Digital gudsteneste på YouTube, Bjordal kyrkje
Vi oppfordrar alle som har flaggstang ved heimen om å flagge på 1. Påskedag.
Open kyrkje og påskevandring
I påskeveka i år kan vi bruke tid til stille og meditasjon av det som skjedde i påska på mange måter.
- Open kyrkje i Høyanger kyrkje på langfredag og i Kyrkjebø kyrkje på laurdag påskeaftan (sjå nærare lokale oppslag). Kyrkja er ope for lystenning og stille bøn.
- Påskevandring er rigga til rundt fleire kyrkjer: 14 tavler med bilete og utklipp frå påsketekster frå bibelen inviterer til å gå gjennom påskehistoria. Kyrkjebø kyrkje, Lavik kyrkje, Ortnevik (første delen av påskeveka) og Bjordal kyrkje (andre delen av påskeveka).
Påsken er den største og viktigaste kristne høgtida. Det er trist at ikkje vi kan samlast om Jesu død og oppstandelse og markera denne høgtida saman som fellesskap. Vi håper likevel at du prioriterer å feira påske der du er og med dei du er saman med! Bodskapen er like sant og verkeleg, uansett korleis situasjonen vår er. Finn fram Bibelen, les tekstane for dei ulike dagane og følg bodskapen i påsken for deg.
Ta gjerne bilete når du nyttar aktivitetane eller opplev vandringa, og del opplevinga på nett!
Del gjerne bilete i sosiale medier og tagg oss.
Samtalar
Prestane i kyrkja er tilgjengelege for samtalar, også i påsken. Ta gjerne kontakt med oss.
I nettkyrkja kan du chatta med ein prest: www.nettkyrkja.no
Kirkens SOS er landets største døgnåpne kriseteneste på telefon, 22400040, og internett. www.kirkens-sos.no