Planting og stell gjeld for plantefelt inntil 80 cm. All eksisterande beplantning blir fjerna før gravstellet tar til, gravstaden blir deretter sådd til.
Ved eittårig avtale blir det sendt ut faktura kvart år i februar. Stellet skal betalast på førehand. Avtalen gjeld til han blir sagt opp, men ikkje lenger enn gravstaden er festa eller freda.
Innbetalt beløp skal dekka vedlikehald av plantefeltet på gravstaden i eit kalenderår. Sesongen varer i 6 mnd, mai – november. Gravstellet betalast forskotsvis, og består av: Løkplantar om våren, 3 sommarblomster, haustlyng, mosekrans til jul, naudsynt påfylling og utskifting av jord, gjødsling, vatning, luking og fjerning av visna blomstrar.
Prisen dekkar kjøp av blomstrar, administrasjonsgebyr og utgifter til gravstell.
Ved fleirårig avtale, tilrår vi at det blir innbetalt eit beløp til eit fond som festar har ansvar for sjølv. Grava blir stelte så lenge det er pengar igjen på fondet til å dekka dei årlege utgiftene.
Viss du ønsker å bestilla stellavtale kan dette gjerast ved å kontakta kyrkjekontoret på e-post. Stellavtale blir send til underskrift til den ansvarslegen og returnert oss. Kvar gong gravstellet er utført, vil den ansvarlege få stadfesting på e-post, gjennom eit bilde som er tatt av gartnar.
Frist for å komma med på årets gravstell er 1. mars. Det betyr at betalinga må vere gjennomførd innan 1. mars
Prisar for årlig gravstell f.o.m. 2021 er kr. 1.800,-
Alle priser er inklusiv 25% mva. Prisene justeres etter lønns- og prisstigning, per. 5 år.