Samtalegudsteneste

Praktisk informasjon

Frå:13.6.2021 - kl.18.00

Til:13.6.2021 - kl.19.00

Stad:Lavik kyrkje

Arrangør:

Denne søndagen, 3. søndag i treeiningstida, inviterer Lavik-konfirmantane til samtalegudsteneste. Dei skal presentere bibelord, lese tekstar og vi skal få høyre deira tankar om preiketeksten og når Jesus seier: Følg meg. Dei skal også vise bilde og fortelje om Lavik kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i Mali.
I tillegg til konfirmantane deltek Geir Sørebø, Gerda Otterstein og Toril Lange.
Takkoffer til Misjon i Mali - Vipps. 669147 (Lavik sokn - takkoffer i gudstenesta).