Gudstenester fram til 18. januar går ut

Frå 4. januar til 18. januar 2021 gjeld desse restriksjonane: Ordinære gudstenester og andre planlagde samlingar går ut. Maksimalt 10 personar samla til gudstenstelege samlingar og tenester. Unntaket er gravferder der inntil 50 personar kan møte.

Planlagde gudstenester søndag 10. januar og søndag 17. januar i kyrkjene våre vil GÅ UT, men vi vil prøve å få til alternativ tilbod på Internett. Generelt er det krav til avstand på 1 meter, men 2 meter ved salmesong. Ynskjer du samtale eller nattverd? Ta gjerne kontakt ein av prestane via kyrkjekontoret  57 71 41 00.

Tidlegare:

På grunn av endra smittesituasjon i Noreg har vi i kyrkja fått oppdaterte retningslinjer frå sentralt hald fredag 6. november. Dei nye retningslinjene gjeld frå måndag 9. november.

Ut november er dette gjeldande retningslinjer:

  • Maks 50 deltakarar ved gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Arrangement utanom forordna gudstenester og kyrkjelege handlingar, vert avlyste
  • Nattverd og lystenning vert ikkje gjennomført for å avgrense bevegelse i rommet
  • Oversikt over deltakarar vert no oppbevart i 14 dagar

Inntil vidare vil konfirmantundervisning halde fram som før. Konfirmantane vil få nærare informasjon dersom det vert endring på dette.

Vi minnar elles om følgjande:

  • Personar med symptom skal ikkje delta på arrangement. 
  • Hald god avstand til dei rundt deg - før, under og etter arrangementet. 
  • Hugs god handhygiene: Handsprit er tilgjengeleg i kyrkjene. 
  • Alle som kjem til kyrkje vert registrert når dei kjem. Ta gjerne med ein lapp med namn og telefonummer, som du kan levere når du kjem. 
  • Når ein er registrert, går ein og set seg i kyrkjebenken.
  • Når arrangementet er slutt, forlet ein kyrkja ein og ein benk. Ein startar med den bakerste benken. 

På nettsidene til KA (Kirkens Arbeidsgiver- og interesseorganisasjon) finn du oppdatert informasjon som gjeld kyrkjer: www.ka.no/nyheter/korona

Smittevernet ved verksemd i Den norske kyrkja byggjer på fem hovedprinsipp:

  • Sjuke personer skal ikkje delta på fysiske samlingar.
  • Gode rutinar for hygiene, handvask og reinhald.
  • Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  • God avstand mellom alle som deltek.
  • Tilstrekkeleg bemanning til stades.

Kyrkjene våre er av ulik storleik, og  når det no er opna for fleire deltakarar er det einmetersregelen i kombinasjon med storleiken på grupper frå same husstand som avgjer kor mange det er plass til. Det er difor ikkje sett noko fast tal per kyrkje. Les meir om dette i artikkelen "Tal frammøtte ved tenester i kyrkjene"

Under finn du meir informasjon som kan vere nyttig å setje seg inn i. Klikk deg inn på lenkjene i menyen under og i artikkellista nedst.

Kontaktinformasjon for

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"