På gravplassar er det bandtvang heile året, jf. Forskrift om bandtvang m.m. for hund, Høyanger kommune.
Hunder er velkomne på gravplassane saman med eigaren sin, såfremt bandtvangen blir overhalden og eigar nyttar hundpose til eventuelle etterlatenskaper.
Hugs at gravplassane er minnestader kvar pårørande søkar ro i sin sorgbearbeidelse, og sjølv om nokre gravplassar kan ha opne plenareal, er ikkje gravplassen ein luftegård.