Kyrkjeverje 100% i Høyanger Kyrkjelege fellesråd,

Vil du bli kyrkjeverje i Høyanger?

Vi har ledig ei fast 100 % stilling som kyrkjeverje sidan vår daglege leiar gjennom om lag 20 år vert pensjonist frå komande årssskifte.
Høyanger kommune med ca 4.000 innbyggjarar har eit variert næringsliv med kraftproduksjon, aluminiumsindustri, oppdrett, handel og service, entreprenørskap og jordbruk som dei viktigaste næringane. Kommunen ligg i Vestland fylke nord for Bergen, på begge sider av Sognefjorden. Reisetida frå Bergen er ca. 3 timar med bil eller båt. Næraste flyplass er Førde lufthavn, ca. 45 minutt med bil frå Høyanger. 

Kommunesenteret Høyanger har i underkant av 2 000 innbyggjarar. Her er barne-, ungdoms- og vidaregåande skule, og det er god barnehagedekning.

Her er også kyrkjekontoret der prest, kantor, administrasjonssekretær, kyrkjelydspedagog og kyrkjeverje har sin arbeidsfellesskap.                                               

I tillegg er det i sokna tilsett kyrkjetenarar og klokkarar i ulike stillingsstorleikar.

Totalt utgjer dei tilsette i fellesrådet 5,5 årsverk pr. i dag.  Desse gjer teneste i 4 sokn, 5 kyrkjer og 1 bedehus der kyrkjelydane samlast, og på 8 gravplassar som er i bruk. 
Kyrkja skal vere ein møteplass for alle, der menneske kjenner at dei høyrer til og vert utfordra til tru og teneste. Kyrkja skal vere ein viktig ressurs for å skape gode lokalsamfunn, prega av nærleik, omsorg, identitet og kultur.  Arbeidsgjevar er Høyanger kyrkjelege fellesråd.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd
  • Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet
  • Ansvar for HMT-arbeid
  • Ansvar for økonomi og langtidsplanlegging
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og kyrkjegardar/gravplassar
  • Ansvar for gravplassforvaltninga i kommunen
  • Sekretær og sakshandsamar for fellesråd og utval
  • Ha god kontakt med offentlege myndigheiter og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Erfaring som leiar med personalansvar vert lagt stor vekt på
  • Erfaring innan organisasjonsutvikling
  • God innsikt, interesse og engasjement for kyrkjeleg verksemd, og kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon.
  • Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
  • God økonomi- og IKT-kunnskap
  • Universitets-/høgskuleutdanning, gjerne innan økonomi og leiing, Søkjarar utan høgskuleutdanning med relevant praksis vert også vurderte.
  • Evne til å kunna arbeida målretta og systematisk
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God kjennskap til offentleg forvaltning
  • Oppteken av nyskaping, utviklingsarbeid, og god inkludering av friviljuge.

Personlege eigenskapar

  • Ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Lagbyggar som skaper relasjonar - internt og eksternt
  • Likar å arbeide målretta og systematisk
  • Vere fleksibel og kunna møta utfordringar

Vi tilbyr

  • Ei interessant og utfordrande stilling
  • Kollegafellesskap med andre kyrkjeverjer i prostiet og i bispedømet
  • Løn etter avtale
  • Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde
  • Pensjonsordning i KLP
  • Arbeidsrettleiing og ulike kurs for kyrkjeverjer

Kontaktinformasjon:
Leiar i fellesrådet: Sturla Bell Fossen mobil 994 94 745
Sokneprest: Andreas Ester mobil 452 21 737
Kyrkjeverje: Bjørnar Otterstein mobil 91763803

 

Søknadsfrist 01.06.2022
Søknad med attestar og vitnemål legg du i Webcruiter, via www.kirkejobb.no.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Åpningstider resepsjon:
Onsdag - fredag
kl. 09.00-14.00 

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Telefontider:
Onsdag-fredag
kl. 09.00-14.00

Ansvarlig redaktør:

Bjørnar Otterstein

Digital redaktør:
Katarina Vattekar

Toril Lange

Profilbildar:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"