Nynorsk salmemesse

Maridalen menighet brukar å ha ei nynorsk salmemesse i november kvar haust. I år samlar me oss om salmene og songane til Matias Orheim (1884–1958). Han var ein av våre mest verdsette og brukte song- og salmediktarar og ein folkekjær forkynnar og musikar i mest to mannsaldrar.

TEKST: Alv Reidar Dale

Kanskje utan at me veit det, kjenner me mange av dei omtykte og velbrukte songane og salmene hans:

«Eg har ei teneste stor for Gud», «Kvardagskristen vil eg vera», «Ved Jesu føter ei stille stund», «Kor mykje stort, kor mykje gildt», «Kom frelsar, kom inn» og «Å, var eg meir deg Jesus lik». Alle desse dikta han fyrste tiåret på 1900-talet. Orheim hadde vorte omvend i ei vekking i heimbygda Stårheim i Ytre Nordfjord 2. pinsedag i 1900. Allereie dagen etter skreiv han «Eg fann min Gud i ungdomsår».

Matias Orheim fekk ei lang og trufast teneste for Gud. Han var forkynnar i Nordfjord og Sunnfjord i åra 1903–05, i Kristiania Indremisjon 1905–07 (Oslo) og i Det Vestlandske Indremisjonsforbund frå 1907 til 1921. Men lengste tida var han tilsett i Ungdomsforbundet (NKUF), frå 1921 til 1944. Også etter han vart pensjonist, reiste han mykje på talarferd og heldt om lag 400 møte i året. Han skal ha halde om lag 35 000 talar kring i heile landet, anna enn nørdst i Finnmark, og skreiv ca 1000 dikt.

Og han kunne meir enn å dikta og tala; han spela fele (“Satans instrument” etter mange si meining då) og han spela på glas. Det siste var han den fremste til her i landet, og glasmusikken trekte mykje folk. Orheim vart gradvis blind frå 16-årsalderen, og då han var om lag 32, miste han gangsynet. Men kona, og døtrene etter kvart, var med på forkynningsferdene og hjelpte til, sjølv om han reiste åleine også.

Kom i Maridalen kirke søndag 18. november kl. 11.15 og opplev og syng nokre av Orheim sine salmer (fem av dei står i salmeboka no). Alv Reidar Dale vil fortelja om den makelause livsgjerninga og livslagnaden til denne eineståande lekpreikaren etterpå. Og kanskje får me høyra glasmusikk…

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Maridalen menighet

Postadresse/kontor:

Kringsjågrenda 1, 0861 Oslo

Tirsdag - Fredag 10-14

Besøksadresse:

Maridalsveien 952, 0890 Oslo

Epost: post.nordberg@oslo.kirken.no Telefonnummer: 23 62 94 90 Konto: 1602.49.01959

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"