Bøn for Nepal

Her kjem nye bøneemner frå Nepal.

Bøn for Nepal

Joel Hafvenstein, leiar for den største partnerorganisasjonen vår i Nepal United Mission to Nepal (UMN), takkar for forbøn og oppmuntrar til å framleis stå saman med Nepal i bøn.

Han helsar med Salme 145:18:

«Herren er nær alle som kallar på han, alle som kallar på han i sanning.»

Bøneemne frå UMN:

  • Be for generalsekretæren vår, Joel, og familien hans. Heilt uventa er dei blitt informert om at dei ikkje får nytt visa for 2021, og at dei må ut av landet og returnere til England innan 21 dagar. Dette er ei stor utfordring for familien og for UMN.
  • Be om at vi kan samarbeida med partnarane våre på ein god måte i dei prosjekta vi jobbar i.
  • Dei komande dagane vil kyrkjeleiarar I 2 av prosjekta våre få opplæring i krisehandtering og beredskap. Be for både dei som underviser og for deltakarar.
  • Personal-støttegruppa held fram med regelmessig støtte til heile staben i desse tider med auka stress pga pandemi og uforutsigbare dagar. Be for opplæringa av staben og om vern av vår mentale helse.
  • UMN har alltid vore interessert i å ta vare på unge med ressursar. Vi ynskjer å sjå unge samla seg og spela ei aktiv rolle i lokalsamfunnet,  sjå dei vera med å setja fokus på lokale utfordringar som menneskehandel og vald i heimen. Be om at vi må vera effektive i mobilisering av neste generasjon nepalarar.

Mvh
Ragnhild Skeie

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"