Ein samarbeidsavtale med HimalPartner vil seie at sokna har forplikta seg til å bruka nokre av årets gudstenester til å samla inn takkoffer til misjons-organisasjonen. Like eins å følgje arbeidet og støtte det gjennom forbøn og informasjon til kyrkjelyden.
HimalPartner, tidl. Tibetmisjonen, er ein misjons- og bistandsorganisasjon som arbeider i Nepal og tibetanske områder av Kina.
Deira misjon er å setje varige spor i Himalaya. Deira arbeid skal væra bærekraftig og ikkje baserast på avhengigheit. I samarbeid med lokale partnere driv dei mental helse-prosjekt og gir folk eit levebrød, altså eit arbeid å leve av.
På nettsida deira (sjå link underst) kan du finna mykje informasjon om det omfattande arbeidet dei driv med, du kan melda deg på sommarstevne i august eller vera med på opplevelsestur til Nepal:
Les meir om Himalpartner HER.