Alle 4-åringar i Kvam kan få 4-årsbok (barnebibel) i si lokale kyrkje.
4-åringane med fylgje av ein vaksen vert òg inviterte til ei før-samling i kyrkja nokre dagar før gudstenesta. Der får dei bli kjent med kyrkja si og nokre av oss som jobbar her.
4-åringane som er døypte får brev i posten, men alle i rett alder er hjarteleg velkomne!
Program: syngja, høyra bibelforteljing, leika og få noko godt å ete.
I Ålvik vert 1. klassingane inviterte saman med 4-åringane til førsamling og gudstenesta.
Datoar 2023:
Øystese kyrkje:
Førsamling: tysdag, 12.sept kl.17.00 - ca.18.00
Gudstenesta med bokutdeling: søndag 17.sept kl.11.00
Norheimsund kyrkje:
Førsamling: tysdag, 19.sept kl.17.00 - ca.18.00
Gudstenesta med bokutdeling: søndag 24.sept kl.11.00
Ålvik kyrkje:
Førsamling: torsdag, 21.sept kl.17.00- ca.18.00
Gudstenesta med bokutdeling: sundag 24.sept kl.11.00
Strandebarm kyrkje:
Førsamling: tysdag, 26.sept kl.17.00 - ca.18.00
Gudstenesta med bokutdeling: søndag 1.okt kl.11.00
PÅMELDING HER
Hjarteleg velkomen! Me gler oss til å sjå deg!