Skulestart

Å byrja på skulen er ei stor hending i livet. 

Skulestart

Me i kyrkja har lyst til å gje dei komande 1. klassingane ei fin bok i gåve for å feire skulestarten i lag med dei. Borna vert inviterte til kyrkja i fylgje med vaksen. Alle i Kvam kan få utdelt boka i si lokale kyrkje. De i Tørvikbygd vert inviterte til Strandebarm. Om det passar betre å koma i ei anna kyrkje, kan de det, men hugs å gje beskjed! I Ålvik får 1. klassingane koma utpå hausten. Dei får koma til ei samling ein ettermiddag, samt gudsteneste med utdeling av bok i lag med dei som skal få 4-årsbok. 

Dei som er døypte får invitasjon i posten, men alle - døypte eller ikkje døypte - er velkomne. 

Program førsamling: syngja, høyra bibelforteljing, leika og få noko godt å ete.

Tilbodet er gratis.

Norheimsund kyrkje: 
Førsamling: ein ettermiddag tre-fire dagar før gudstenesta. Dato kjem.
Gudsteneste med bok-utdeling: 9. juni kl. 17.00

Øystese kyrkje: 
Førsamling: ein ettermiddag tre-fire dagar før gudstenesta. Dato kjem.
Gudsteneste med bok-utdeling: 25. mai kl. 17.00

Strandebarm kyrkje: 
Førsamling: ein ettermiddag tre-fire dagar før gudstenesta. Dato kjem.
Gudsteneste med bok-utdeling: 25. mai kl. 11.00

Ålvik kyrkje (i lag med 4-årsbok til hausten). Dato ikkje satt enda.

OBS! DEI SOM VIL KOMA TIL ÅLVIK KYRKJE MELDER SEG PÅ UNDER 4-ÅRSBOK.

Hjarteleg velkomen! Me gler oss til å sjå dykk!

PÅMELDINGA ER IKKJE KLAR ENDA. MEN SNART KAN DU MELDE DEG PÅ HER

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"