Dagens bibelord

Romerne 8,19–27

19 Det skapte lengtar inderleg etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For det skapte vart lagt under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det slik. Likevel var det håp, 21 for òg skapningen sjølv skal bli frigjord frå slaveriet under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 Vi veit at heilt til denne dag sukkar og stønnar heile skapningen saman, som i fødselsrier. 23 Ja, endå meir: Også vi som har fått Anden, den første frukta av hausten som kjem, sukkar med oss sjølve og lengtar etter å bli Guds born heilt og fullt når kroppen vår blir sett fri. 24 For i håpet er vi frelste. Men eit håp som vi alt ser oppfylt, er ikkje noko håp. Korleis kan nokon håpa på det dei alt ser? 25 Men håpar vi på noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår maktløyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for å be rett, men Anden sjølv går i forbøn for oss med sukk utan ord. 27 Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage.