Kontakt med Kvam kyrkjekontor om gravferd (uavhengig av tru og livssyn)
Kvam kyrkjelege fellesråd forvaltar og har driftsansvar for alle gravplassane i Kvam kommune. Når nokon døyr og ein ønskjer gravferd i Kvam, kan pårørande sjølv ta kontakt med kyrkjekontoret i Kvam på telefon 41 40 00 35, for å avtale tidpunkt for gravferd. Dersom ein ikkje ynskjer å avtale dette sjølv, kan ein be gravferdsbyrået om å avtale gravferd etter dykkar ynskje.
Hovudreglar for tidspunkt for gravferd/bisetjing
Det kan gå 10 virkedagar, det vil seie 10 arbeidsdagar, frå nokon døyr til det må vera gravferd. Dersom det skulle vera vanskeleg å få gravferda innan 10 dagar, kan ein søkje skriftleg til kyrkjeverja i Kvam. I fylgje Gravferdslova §13, må det leggjast fram tungtvegande grunnar for at ein skal gå utover dei 10 virkedagane.