Nettpreike til Palmesøndag 2021

Nettpreike til Palmesøndag frå Kvam v. Spr Lars Arne Vik

Nettpreike til Palmesøndag 2021

I ein av våre store sangar syng me:

          Ja, jeg priser deg, o Jesus

          for din gang til Golgata.

Prise for gang til Golgata...

Dei som hylla han som konge, dei som ropa Hosianna og svinga palmegreiner på den første palmesøndag, dei hadde nok ikkje fantasi til å sjå fortsetjinga for seg: Gang til Golgata. Ikkje gjera motstand, ikkje forsvara seg, leggja seg flat. Dø om så det gjelder.

Prise for makt til å vekkja opp Lasarus frå døden. Ikkje: Prise for makt til å lata vera å bruka makt i møte med dei som sendte han av garde til hans Gang til Golgata.

Folket hylla han som konge. Dei hadde høyrt om under. Sjuke vart friske. Fem brød og to fiskar vart til mat for mange. Vatn vart til vin. Dei hadde høyrt han tala. Ikkje som dei skriftlærde, men med mynde. Eg er vegen, sanninga og livet. Eg er den gode gjetaren. Eg er døra. Eg er livsens vatn. Eg er brødet for verda. Og dei hadde høyrt om Lasarus. Han som var død og som Jesus gjorde levande. Ikkje rart dei ville hylla han som konge. Endeleg kom det ein dei kunne samla seg om, ein som kunne fri dei frå herreveldet til romarane. Og dei hyllar han som konge, Israels konge.

Men i staden for å stadfesta dette: Eg er konge, eg er den Messias de ventar på, ved til dømes å ri på ein hest eller i ei vogn etter ein hest, finn Jesus eit meir simpelt dyr, eit esel. På denne måten oppfyller han eit profetord frå Sakarja: ”Ottast ikkje, Sions dotter! Sjå, kongen din kjem ridande på ein eselfole.”

Han var konge, av Davids ætt gjennom far sin Josef. Han var Messias, den salva, men han var ikkje konge på ein slik måte folket såg han for seg. Det står om han, etter brødunderet: han trekte seg unna då han skjøna dei ville koma og med makt gjera han til konge, han åleine. Han ville ikkje vera konge slik dei såg det for seg. Han hadde ein «gang til Golgata» framfor seg.

Då grekarane kom til Filip og Filip gjekk til Andreas og dei saman gjekk til Meisteren, sa han til dei: «Timen er komen då Menneskesonen skal herleggjerast. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eit korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.»

I ettertid ser me at han snakkar om sin eigen død, med dette flotte, talande biletet om kveitekornet. Ein nødvendig død for å gje liv til mange, slik det ikkje vert brød utan at såkorn vert sådd og døyr. Og når dei vil sjå han, så skal dei altså sjå han lida, døy og stå opp att tredje dagen.

Peter ville tala han frå deg. Peter, som fekk nytt namn, var ikkje lenger Simeon, han var Peter, grunnvollen for det nye gudsfolket. Det var han som tok Jesus til sides og sa: Gud hjelpe deg. Dette må ikkje henda deg.

Men dette måtte henda. Han måtte lida og døy, og han visste det på denne palmesøndagen, då han starta på den siste etappen av sin «gang til Golgata.»

Gjennom heile Skrifta møter me dette på ulikt vis, at noko må verta lite for at noko skal verta stort, at noko må døy for at noko anna skal veksa fram. Den steinen bygningsmenna vraka, vart hjørnestein. Den yngste sonen vart den store kong David. For når eg er veik, då er eg sterk. Ikkje i stormen men i den linne susinga – eller skir stille, som det no heiter. Eg er ikkje komen til dei friske, det er dei sjuke som treng lækjar. Sennepsfrøet vert eit stort tre som fuglane under himmelen kjem og finn kvile i

Sennepstreet er eit bilete på folkeslaga. Han var konge for jødane, deira Messias, deira salva konge. Men han var meir enn konge for dei. Gjennom heile livet ser me glimt av folkeslaga, heidningane som alle andre folk vart kalla, frå dei vise menna frå Austerland, via opphaldet i Egypt, den samaritanske kvinna ved brønnen, den spedalske som var samaritan og, når det vart snakka om kveitekornet, nokre grekarar. No var tida deira komen. Han ville vera konge, ikkje berre for jødane, men for alle land i heile verda.

Som prest har eg vore prest i mange gravferder. I møte med døden har eg formidla orda om han som gjev von i møtet med døden, avdi han sjølv døydde. Men døden kunne ikkje halda på han. For ved å døy gjorde han ende på døden. Ved å verta dømd for noko han ikkje hadde gjort og døy uskuldig, gjorde han opp med synda, ein gong for alle. Synda hadde ikkje lenger noko makt over han. Gjelda var betalt. Og han stod opp att. Golgata var ikkje det siste. Han lever og er kongenes konge.

Påskefeiringa i gamal tid peikar fram mot denne påskehelga då vår Herre Jesus Kristus lei, døydde og stod opp att. Han var det rette påskelam, som vart ofra for folket, slik det første påskelam vart slakta og blodet stroke på dørstolpane. Og dødsengelen gjekk forbi, og folket slapp fri. Han sparte dei. Og dei song, og me syng:

         Syng og syng om min gjenløser
         Med sitt blod han kjøpte meg.
         Jeg ble fri da han frivillig
         Tok min skyld og straff på seg.

Ja, jeg priser deg, O Jesus,
for din gang til Golgata.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var, er og vera skal ein sann Gud frå æve til æve. Amen.

Spr Lars Arne Vik

Denne nettpreika vart først publisert på heimesida til Den norske kyrkja i Kvam i 2020.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"