Bøneveka i Kvam 2025

Me inviterer på ny til bøneveke i Kvam for kristen einskap. Aksjonsperioden er 19. – 26. januar 2025

Bøneveka i Kvam 2025

I år er arrangørgruppa utvida med repr. frå "Mødre i bøn i Kvam" og "Hardangerfellesskapet, SALT" i tillegg til Vikøy sokneråd og Norheimsund indremisjon. Komiteen er oppteken av at denne veka kan vera ei mønstring av menneske som ber til Jesus i Kvam, uavhengig av trussamfunn. Og både kyrkja, bedehus og andre kristne forsamlingar i Kvam er oppmoda til å ha eit spesielt fokus på bøn i aksjonsperioden. Bøneveka startar med "Alle Saman Samling" i Norheimsund Bedehus 19. januar kl. 11. Der er Olav Eikemo talar. Den vert avslutta med gudsteneste i Norheimsund kyrkje søndag 26. januar kl. 11.00.

Nytt i år er at det blir middagsbøn kvar kvardag for alle som har høve til å vera med, kl. 12-12.30 i Norheimsund kyrkje. Sokneprest Vetle Karlsen Eide har ansvar for tidebønene.

Onsdag kveld 21. januar er det elevane ved Framnes vidaregåande skule som har flytta onsdagsbøna til Norheimsund kyrkje kl. 19.30

Laurdag 25. januar mellom kl. 09 og 21 er du invitert til bønedag i Norheimsund kyrkje. Nokre vil denne laurdagen kanskje koma innom kyrkja i løpet av dagen og tenna eit lys og gå igjen, andre vil vera der ei tid, og så har me dei som vil setja av dagen til samtale med Gud. Kvar heile time vil eit tema bli løfta fram. Og kl. 9 og 13  vil det vere felles bøn i kyrkjerommet. Kl. 19 vil det bli lovsongskveld

Du kan også lesa om opplegget på nettsidene til bedhuset: bedehusweb.no.

Sjå meir spesifikk informasjon i vedlegget nedanfor her.

Velkomen!

Bøneveka 2025.pdf

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"