Om du besøker kristne gudstjenester ulike stader vil du oppdage både fellestrekk og særtrekk. Også i Kviteseid har me fleire menighetsfellesskap som kvar feirer messe på si måte. To viktige særtrekk med den norske kyrkja si gudstjeneste er kyrkjeåret og dei lange liturgitradisjonane.
Kyrkjeåret tyder at kvar messe har sitt eige tematiske særpreg, bestemt av tida på året. Særpreget til kvar sundag finn du att i bibeltekstene som blir lest, i bøner, i salmer, i utsmykning m.m.
Det andre særtrekket er den tradisjonelle liturgien. Programmet for ein gudsteneste kallast liturgi, og i liturgiene våre nytter me element som har vore i bruk i gudstenesta heilt sidan dei fyrste gudstenestene blei feira.