- Besøksteneste
- Treng du nokon å skravle med om smått eller stort? Gjennom kyrkja si besøksteneste kan du få jamnlege besøk av eit menneske som bryr seg om deg. Ta kontakt med diakoniutvalet.
- Vandring for forandring
- Pilegrimsvandring for deg som er mann og har opplevd å miste nokon i sjølvmord. Ta kontakt med prostidiakonen.
- Misjonsprosjektet
- Soknerådet veljer seg ut misjonarbeid som Kviteseid sokn støttar spesielt. Som oftast er det folk med bakgrunn i bygda som arbeider i misjonsprosjektene. Gjennom året vert det vert samla inn midler gjennom kollektar, utlodningar og liknande. Det er høve til å støtte prosjektet når som helst ved å Vippse til 3850 og velje kategori 3, "Misjonsprosjektet".
- Praktisk hjelp
- Treng du praktisk hjelp til noko? Kvar vår arrangerer menighetene i Kviteseid "Godhet" der me har eit spesielt fokus på å gje praktisk hjelp til andre. Men praktisk hjelp kan me trenge heile året, så ikkje vær redd for å ta kontakt om du har eit behov.
- Samtale
- Av og til treng ein å snakke fortruleg med ein som er litt på sida av eigen kvardag, og som har taushetsplikt. Ta kontakt med prosidiakonen eller soknepresten.
- Soknebod
- Har du vanskeleg for å komme til kyrkja og ynskjer å ta imot nattverd i privat heim eller på ein institusjon? Ta kontakt med prostidiakonen eller soknepresten.
- Kyrkjeskyss
- Treng du hjelp til å komme deg til gudsteneste? Ta kontakt med diakoniutvalet!
Diakoni og omsorg
Me mennesker er sosiale vesener, og treng å spegle oss i andre igjennom heile livet. Ynskjer du ein uformell prat, hjelp til noko eller kanskje ein djup samtale?