På Diakonisamlinga for Vest- Telemark ( sundag 16.april) spela bandet No Boots til songane, og i samband med kunngjeringane bad leiar for Diakonatet i Vest- Telemark Oscar J. Garnes bandet kome fram for å ta imot Diakoniprisen for 2023.
Dette var aldri i mine tankar, me vart teke heilt på senga, sa leiar for bandet Jan Gunnar Haugen, då han tok imot prisen.
I grunngjevinga for prisen heiter det:
No Boots har alltid vore lette å be å be på diakonale samanhengar. Ein viktig bit av diakonien er fellesskap, det gjer No Boots i rikeleg monn. Gjennom musikken samlar dei folk, og forløyser tankar og tonar i glede og sorg. Det starta med Johnny Cash – messe i Vinje kyrkje for mange år sidan. Elles har dei delteke på Bispevisitas i Vinje, Diakonisamling på Dalen ( 2012) støttekonsert for Skogsleiren i Fyresdal før nedlegginga. Delar av bandet har i fleire år spela ved avslutninga av pilegrimsvandringane i Rødal. (Vandring mot fridom, Å vandre med håp).
Tidlegare Diakoniprisvinnarar:
År | Vinnar | Heimstad |
---|---|---|
1994 | Gotfred Rekkebo (post mortem) | Nissedal |
1995 | Vest-Telemark Blad | Kviteseid |
1996 | Kirkens SOS i Telemark | |
1997 | Nattcaféen i Treungen | Nissedal |
1998 | Anna Midtgård | Kviteseid |
1999 | Kari Veum | Nissedal |
2000 | Bjørn Hove | Møsstrond, Vinje |
2001 | Kirsti og Magne Skjæveland | Kviteseid |
2002 | Diakonitenesta for skogsleiren i Fyresdal | Fyresdal |
2003 | KFUM-speidarane i Vinje og Edland | Vinje |
2004 | Waldenstrøm Kafe | Kviteseid |
2005 | Oddvar Ripegutu | Søgne |
2006 | Arthur Haugen | Tokke |
2007 | ”Ungdom hjelper ungdom.” Kvitsund-prosjekt som driv ungdomsklubbar i Vest-Telemark | Kviteseid |
2008 | Leif og Signe Sølyst | Fyresdal |
2009 | Tusen Stjerner | Tokke |
2010 | Else Ibrekk | Kviteseid |
2011 | Martha Tveit | Nissedal |
2012 | Gunstein Seltveit | Tokke |
2013 | Kari Bjåen | Vinje |
2014 | Bønefelleskapet i Rauland | Vinje |
2015 | Kjell Lindheim | Kviteseid |
2016 | Gudny Lid Unhjem | Vinje |
2017 | Inger Johanne Aaheim | Nissedal |
2018 | Kakeringen | Vinje |
2019 | Tilsette og innsette i Arendal fengsel avdeling Kleivgrend | Fyresdal |
2020 | Kvendelaget i Åmot, eit økumenisk- diakonal tiltak som driv hjelpearbeid i Aust- Europa | |
2021 | Yngres i Vrådal | Kviteseid |
2022 | Liv Kjellfrid Lia | Nissedal |
2023 | No Boots | Kviteseid |