Tida frå no og fram til pinse kallast påsketida, og er ei festtid i kyrkja. Me feirar Kristi seier over død, grav og alt som øydelegg.
Frelse er eit ord som brukast stadig mindre i dagligtalen, men det tyder å bli redda, bli fri fra noko som binder eller truer oss. Verda er full av gode og vakre ting, og det aller vakraste er kjærleiken. Men me menneske har ein tendens til å øydelegge for oss sjølv og andre. Jesus Kristus kom til jorda og levde eit menneskeliv med alt det det inneber. Han var den fullkomment kjærlege igjennom alt, men livet hans såg ut til å ende med fiasko då han døydde ein audmjukande død på krossen. Men etter tre dagar stod han opp att frå dei døde.
På liknande vis kan vi menneske gjennom å tru på han bli frelst frå alt det som øydelegg, og ta imot nytt liv fylt av hans overveldande godhet og kjærleik.
Ha ei god påsketid!