Velkommen til Taizébøn!

Onsdag 26. mars kl 1930 er det Taizébøn i Kviteseid kyrkje. Høtt er det?

Velkommen til Taizébøn!

Det finst mange ulike måter å be på, kanskje like mange som det finst menneske.

Taizébøn er eit opent rom for bøn med mykje fin musikk, mykje levande ljos og mykje rom for stille og ettertanke. Jan Haugen (gitar), Ingri Elise Engeland (fløyte), Herman Gautefald og Lisa Haugeland (fiolin) deltek som musikarar. Musikken er lågmælt og vakker, og du er velkommen til å sitje og kvile og ta imot. Forsongarane syng nokre enkle bønesongar som du kan ta del i. Du kan og tenne lys for noko eller nokon, knele foran korset eller oppsøke nokon som vil be for deg.

Musikken er henta frå Taizé, eit felleskyrkjeleg brorskap i Sør-Frankrike som samlar særleg unge menneske til song og bøn. Kyrkja i Kviteseid ynskjer velkommen til eit stemningsfullt pusterom!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"