Sommarleir på Nesholmen
Fyrste veka i sommarferien, mandag til torsdag, inviterer vi alle 11-13 åringar frå Lærdal, til aktivitetsleir på Nesholmen leirstad. Nesholmen ligg ved Storefjorden i Hyen (omlag ein time frå Førde). Leiren vert arrangert i eit samarbeid mellom KFUK KFUM og Den Norske kyrkja, og er ein del av kyrkja i Lærdal si satsing på born og unge. Vi reiser til Nesholmen i ein fellesbuss saman med leirdeltakarar frå Aurland. På leiren vil de òg bli kjend med born på same alder, frå andre delar av fylket. Karoline Thyri vert med frå kyrkja i Lærdal. Ho har sjølv våre med som leiar på Nesholmen i ei årrekke, og kjenner leirstaden godt. Alle får sove på rom med nokon dei kjenner. Kva skjer desse dagane? Me håpar sjølvsagt på godt vêr, slik at me kan vera mykje ute. Her ligg alt til rette for SUP-brett- og kanoturar på Storefjorden, bading, ballspel, leirdans, UTrulege Nesholmen, kreative verkstad, underhaldning og nye vener – altså mykje moro!
