Velkomen til å gifte dykk i Lærdal kyrkjelyd

Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løftene vert gjeven med vitne til stades.

Velkomen til å gifte dykk i Lærdal kyrkjelyd

Å inngå ekteskap eller vigsel er ei offentleg handling som kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Ein godkjend vigselsperson skal erklære at ekteskapet er gyldig. Eit bryllaup kan vere enkelt eller påkosta. Bryllaupsfolka kan vere unge eller godt vaksne, kvinne og mann, eller to av same kjønn. Den norske kyrkja tilbyr kyrkjeleg vigsel til alle par som ønskjer dette. Om du vel kyrkja der du bur, er det heilt gratis.

Kyrkjemøtet vedtok i 2017 ein ny liturgi, som kan nyttast både av likekjønna og ulikekjønna par. Den norske kyrkja har etter dette to liturgiar for inngåing av ekteskap. Vigsel 2003 gjeld framleis berre for ulikekjønna par. Dei som skal bli vigde kan feire dagen med familie, slekt og venner. Dei kan seia ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades. Stort eller lite bryllaup – i kyrkja vert livet lagt fram for Gud med bøn om velsigning. Alle par som har gifta seg borgarleg, er velkomne til kyrkja for å be om forbøn for samlivet. For dette har kyrkja ein eigen liturgi.

 
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"