Velkomen til førjulskveld i kyrkjestova 13. desember

Frivilligsentralen og Lærdal sokneråd inviterer til førjulskveld i kyrkjestova 13. desember frå kl. 15.00

Velkomen til førjulskveld i kyrkjestova 13. desember

I september 2023 vart den årlege festmiddagen på Lærdal Bu og Omsorgsheim avvikla. Dette er ein festmiddag som blir spandert av Nesse og Eggums minnefond.

Under middagen kunne leiaren for fondet, Halvar Lunden, informere om at Lærdal Frivilligsentral fekk utdelt 5000,- for den fantastiske jobben dei frivillige gjer. Pengane skal brukast til noko hyggeleg både for dei eldre og dei frivillige.

Utruleg kjekt å kunne få ein slik påskjønning, og at det er dette som er grunn til at vi no vil prøve å lage til ein hyggeleg førjulskveld i kyrkjestova. Dette blir eit samarbeidsprosjekt med kyrkja og me håpar mange tek turen innom.

Det blir servert betasuppe, kaffe og kake så lenge vi har, og litt underholdning vil det og bli.

Vi bestiller inn mat til ganske mange så ser vi korleis dette går. Ta gjerne med naboen din, ein venn eller nokon som du veit kanskje sit litt mykje aleine no i mørketida.

Alle er velkomne.

 

Lærdal frivilligsentral og Lærdal Sokneråd

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"