Informasjon om Covid 19 - 14.05.20

Me er no glade for at me kan opne kyrkjene for gudstenester igjen.  Under føl meir informasjon om kva retningsliner me må fylgje både for gudsteneste, vigsel og gravferd.

Informasjon om Covid 19 - 14.05.20

Nokre hovudpunkt – avvik frå normal drift

  • Maksimalt tal deltakarar utanom bemanning er 50 personar        
  • Alle deltakarar skal halde minimum 1 m avstand (gjeld ikkje dei i same husstand). For å ivareta dette kravet har me sett desse tala for besøkande i kyrkjene våres:   

       Hauge  kyrkje, inntil 50 personar
       Tønjum kyrkje, inntil 40 personar
       Borgund kyrkje, inntil 40 personar

  • Annankvar benkerad er teke ut av bruk for å sikre at ein kan sitje med ein meter avstand. Dei i same husstand kan sitte tett på same benk, elles må folk vere flinke til å overhalde ein meter regelen sjølve.
  • Covid-19-forskriftens §13 sier om dette: «Arrangøren skal ha oversikt over hvem som er til stede, for å kunne bistå ved en eventuell senere smittesporing. Denne informasjonen skal slettes etter 10 dager.»

        Vi vil føre oversikt over dei som er til stades på kyrkjeleg handlingar og                                      oppbevare denne informasjonen innelåst før makulering etter 10 dagar.

  • Sjuke personar/personar i karantene kan ikkje delta på kyrkjeleg arrangement.
  • Det vert ikkje kyrkjekaffi i samband med gudsteneste.
  • Kyrkjeofringar kan ikkje skje med mottak av kontantar – men vi har ordning med ofring med Vipps
  • Det vert nytta eingongsbeger til nattverd
  • Det er sett fram handsprit og program/salmebøker vert delt ut slik at ein unngår at mange tek i same inventer.

    Me har ekstra gode rutinar for reinhald før kvart arrangement

  • No når me har starta opp igjen med gudstenester, vert det ikkje ringing om laurdagane.
  • Konfirmasjonsgudstenestene er flytt til september. 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"