Møt biskop Ragnhild
Alle er hjarteleg velkomne til gudsteneste med biskop Ragnhild Jepsen, i Stedje kyrkje onsdag 22. november kl 1630. Dette er i samband med at vår nye biskop vitjar Sogn prosti som ein del av sin «bli kjent runde» i Bjørgvin. Ho møter i den samanheng alle tilsette i Sogn prosti tidlegare på dagen.Velkomen til dykk alle, som vil høyre og møte biskop Ragnhild, og til kyrkjekaffi etter gudstenesta. Vel møtt!
