Sorggruppa er open for alle frå Lærdal og i Aurland. Alle samlingane vert haldne i Lærdal. Fyrste samling vert 11/3-2025 kl. 18.00 – 20.00. Det vert sett fram kaffimat og kaffi/te.
Føremålet er å tilby eit samtalefelleskap som bidreg til at kvar enkelt kan få støtte til å sjå framover.
Greitt å vite om sorggruppe:
- Mellom 4-8 deltakarar.
- Alle i gruppa har teieplikt.
- Gruppa samlast ca. annan kvar veke, ca. 10-12 samlingar.
- Tema basert, men fleksibelt.
- Samtalane tek ikkje utgangspunkt i tru eller livssyn.
- Sorggruppetilbodet er gratis.
Sorggruppa vert leia av sokneprest Wenche Lie Lysne, kreftsjukepleiar Linda Mannes og Psykiatrisk sjukepleiar Kathrine Kaardal.
For å melde deg på ta kontakt på telefon:
Wenche Lie Lysne: 99554531
Linda Mannes; 97699266