Utlysing av stilling som kyrkjetenar og trusopplærar

Lærdal sokneråd lyser ut fast 40 % stilling som trusopplærar og 50 % stilling som kyrkjetenar. Stillingane kan kombinerast, men har veldig ulike arbeidsoppgåver og krav til utdanning/praksis.

Utlysing av stilling som kyrkjetenar og trusopplærar

Lærdal kommune har rundt 2.200 innbyggjarar og ligg inst i Sognefjorden, som nabokommune til Sogndal, Årdal og Aurland. Vi har tre kyrkjer og gravplassar i Lærdal og den tilsette vil ha heile kommunen som arbeidsplass.

Lærdal sokneråd lyser ut fast 40 % stilling som trusopplærar og 50 % stilling som kyrkjetenar. Stillingane kan kombinerast, men har veldig ulike arbeidsoppgåver og krav til utdanning/praksis.

Vi tilbyr engasjerte stabar, gode kontortilhøve, fleksibel arbeidstid, løn etter gjeldande tariffavtale og pensjonsordning gjennom KLP.

Trusopplærar

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å gjennomføre breiddetiltak til barn- og ungdom 0-18 år der ein formidlar kyrkja si tru etter vedteke plan for trusopplæring i Lærdal.

Vi søkjer etter deg som har relevant høgskuleutdanning innan pedagogikk, kristendom, musikk eller drama. Realkompetanse kan kompensere for manglande teoretisk utdanning. Vi legg vekt på at du har erfaring med å formidle til barn og ungdom. Vi ser føre oss ein person som er aktivt med å iverksetje og utvikle gode tiltak.

Kyrkjetenar

Praktiske oppgaver i forbindelse med gudstenester og kyrkjelege handlingar som gravferd og vigsel. Drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplasser. Dette innebærer reinhold, tilsyn og vedlikehald av bygningane, tekniske anlegg, inventar og utstyr og øvrig vaktmestertenester, vedlikehold og utvikling av grøntanlegg og snømåking. Gi god service til gravplassane sine brukarar.

Vi søkjer etter deg som har relevant fagbrev som kyrkjetenar eller innan andre sentrale oppgåver og/eller som har relevant erfaring fra tilsvarende arbeid.

For begge stillingane

Du har ein arbeidsstil som er sjølvstendig, ryddig, løysingsorientert, kreativ, humørfylt og kan snakke/skrive norsk på ein tilfredstillande måte. Du må vere medlem i Den norske kyrkja og kunne nytte eigen bil i tenesta. Ved tilsetting må ein levere politiattest. Det er utarbeida stillingsomtale for begge stillingane. Det vil vere kveld og helgearbeid etter oppsett plan.

For meir informasjon ta kontakt med kyrkjeverje Ellen Veum (40 43 69 71) eller sjå NAV sine sider. Søknad med CV sendast innan 1. mars til; Lærdal kyrkjekontor, Brattegjerde 2, 6887 Lærdal. Eller på e-post: ellen.veum@laerdal.kommune.no. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"