Påska i Lærdal - klokkeringing - påskevandring

Påska vil nok for mange bli anleis i år, det vil den òg bli i kyrkja. For å markere kyrkja sitt nærvær i denne krevjande tida vil kyrkjeklokkene ringe om laurdagane frå kl. 16.50-17.00.  Påska blir anleis, men den er ikkje avlyst!  Dette vil me òg markere med klokkeringing og påskevandring.

Påska i Lærdal - klokkeringing - påskevandring

Klokkeringing

For å markere kyrkja sitt nærvær i den vanskelege situasjonen me alle er i no, vil me i Lærdal i lag med mange andre kyrkjer rundt om i landet ringe med kyrkjeklokkene laurdagar frå kl. 16.50-17.00. Fyrstkommande laurdag vil me ringe med klokkene i alle tre kyrkjene, deretter vil det gå på omgang i dei tre kyrkjene. 

Fyrste påskedag vil me ringe med klokkene i Tønjum kyrkje frå kl. 10.00-11.00 for å markere Kristi oppstandelse og at påska ikkje er avlyst.  I år blir dette kyrkja sin måte å markere påska på. Som kjent kan me ikkje feire gudsteneste, men me vil invitere kvar og ein til påskevandring.

Påskevandring

Det har vore tradisjon med korsvandring frå Rimskjold opp til Borgund stavkyrkje og enda opp med gudsteneste i Borgund kyrkje. I år kan me ikkje gjera dette på grunn av koronasituasjonen.

I staden har me sett ut bilder langs vindhellavegen som skal illustera lidelsessoga. Desse plakatane /bileta står framme til over påske. Då kan kvar og ein ha si eiga korsvandring.

Bilete er teke frå tidlegare krosvandring der gudstenesta vart feria i stavkyrkja. 

Kyrkja i Lærdal ynskjer alle ei retteleg god påske. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"