Entusiastisk kor snart klar til konsert 21.9.

Blant dei mange måtane å markera Meland kyrkje sitt 150 års jubiléum på vart ein salme- og folketone-kveld føreslegen, gjerne med ei framføring av korverket "Striletonen vår Herre skapte", ein reprise frå 1996. Kva var det som gjorde at du ville ta på deg å leia eit slikt korprosjekt, Kristine Fluge? (Intervjuet er frå Kontakt nr 2. 2016- skrive av Arvid Sakseide)

Entusiastisk kor snart klar til konsert 21.9.

Alltid lett å sei ja når det er du som spør, Arvid. Me har samarbeidd godt tidlegare, m.a. også med dette materialet, og då tykte eg det var ekstra stas å verta spurd om å leia dette korprosjektet no til kyrkjejubileet. Og så var det ikkje minst tanken på å freista setja saman eit prosjektkor av songarar frå Meland. Det er ikkje til å stikka under ein stol at eg likar svært godt å dirigera, og når eg då får stå framfor eit kor med over 50 entusiastiske songarar så er eg mildt sagt ganske så nøgd.

 

Kan du fortelja litt om førebuingane og interessa frå korsongarar?

Korsongarane er som eg sa entusiastiske og jobbar svært godt saman. Det er ein fin gjeng å arbeida med. Det verkar som dei likar stoffet, og gler seg over dei fine arrangementa til Frank Kvinge.

 

No er 4 øvingar i kyrkja gjennomført. Korleis har det gått?

Eg tykkjer det har gått over all forventning! Oppmøtet har vore jamt over godt, og det har vore ein klar progresjon frå gong til gong. Det er tydeleg at det er erfarne korsongarar.

 

Korleis er ditt eige tilhøve til dei religiøse folketonane?

Religiøse folketonar er ein del av den rike folketoneskatten vår. Eg likar svært godt både å lytta til gode utøvarar (Linda og Kjersti for å nemna dei store lokale) og også å prøva meg sjølv nokre gonger. Eg likar også svært godt å arbeide med folketonar i kor, både religiøse og meir profane. Det er noko eige som treff oss som utøvarar – eit samband med opphavet og kulturen vår som rører ved strengar djupt i oss.

 

Kva for ein bakgrunn og musikkutdanning har du elles?

No har eg etter kvart vorte so vaksen at CV-en blir lang! Musikk har alltid vore i livet mitt, frå song og trekkspelmusikk i barndomsheimen min til musikklinje på gymnaset der korsongen og kormusikken beit seg fast i meg for resten av livet. Eg har sidan alltid sunge i eller dirigert kor. Yrkesutdanninga mi vart vernepleiarutdanning, og seinare grunnfag i musikk på lærarhøgskulen og utallige kurs innafor direksjon, stemmebruk, rytmisk musikk, musikk frå livets begynnelse osv.

 

Det er ikkje til å stikka under ein stol at forventningane til konserten 21.september er store! Og som musikalske støttespelarar får prosjektkoret hjelp av Laila Kolve på fløyter og Sjur Hjeltnes på orgel. I tillegg vert Kjersti Wiik og Johannes Lyngset med som solistar. Kjersti har også ei eiga avdeling, og Johannes vil ha leiinga som syngjande klokkar når kyrkjelyden vert invitert til å syngja Kingo-salmar slik dei gjorde rundt 1866. Deltakinga toppar seg med Linda Røyseth Sandhåland, kveding, og Haakon Aase, trekkspel. Velkomne til konsert!

Salme- og folketonekvelden er ein del av jubileumsveka for Meland kyrkje 150 år. Konserten byrjar kl 19.30 og inngangspengane er på kr 150/50. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"