Rørt av Charlotte si forteljing

Den danske journalisten Charlotte Rørth hadde ei lydhøyr forsamling i Meland kyrkje på Fredagsåpent. "Det er godt at du er til", var bodskapen ho ville bringe vidare frå møtet sitt med Jesus.

Rune Minde intervjuar Charlotte Rørth

Kyrkja var fullsett på jubileumsutgåva av Fredagsåpent 23.september 2016.  Rune Minde, som har vore komiteleiar for arrangementet leidde kvelden på sitt ledige vis. Bandet og forsangarane førte an i musikken på ein vanleg stødig og flott måte. Felix og Sissel Vangen delte vakre songar. Det visuelle utrykket var gjennomtenkt og vakkert. Og det var mange som stoppa igjen til kveldsmat og prat med kvarandre.

Men sterkast inntrykk på dei fleste gjorde nok likevel den lavmælte, men sterke forteljinga som Charlotte Rørth delte med forsamlinga. Frå å vere "kulturkristen", som hadde ei rasjonell oppfatning av livet og dei store spørsmåla, vart ho heilt overraskande overmanna av fleire spesielle opplevingar, ikkje minst å få møte Jesus personleg, sjå han og høyre han snakke til seg. Det som gjorde sterkast inntrykk var at han sa "Det er godt du er til". Ein ubetinga kjærleik møtte Jesus henne med. Det endra livet for henne. Samtidig ville ho gjerne vere ein heilt vanleg person. Ho ser no som ei oppgåve å fortelje om opplevinga med Jesus vidare, og ho har nådd langt med det. 20.000 har vore og høyrt på henne og boka: "Jeg møtte Jesus. Bekjennelser fra en motvillig troende." har selt i store opplag. 

Nederst i saka finn du bilder frå kvelden. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"