150-årsgåve til folket i Meland

Kyrkja på Meland fyller 150 i år. Det blir feira med ei historiebok i gåve frå soknerådet til alle innbyggjarane i kommunen. «Meland kommune sin vakraste kulturskatt», skriv ordføraren om kyrkja. –Boka er eit stort dugnadsprosjekt, med lokalhistorikar Arnt Brakstad i spissen. I etterkant vart det oppdaga ein glipp i teksten og i giroen som vart sendt ut.

150-årsgåve til folket i Meland

Meland kyrkje 150 år gjev eit kort historisk riss over kyrkjebygninga, tradisjonar, kyrkjemusikk og ei gudsteneste i endring. I tillegg gjev boka ein presentasjon av både prestar og organistar dei siste generasjonane, og eit møte med nokre av dagens benkeslitarar. Redaktør for skriftet er Arnt Brakstad.

Boka skal ut til alle husstandane i kommunen. Opplaget er på 4000. Alle bidragsytarar har gjort jobben gratis og sponsorar har hjulpe med nokre av trykkeutgifter. Soknerådet håper folk som set pris på boka vil vise det med å gje ei gåve tilbake,  slik at prosjektet går i balanse. Vil du gje boka i gåve til nokon som ikkje bur i kommunen, vert boka selt frå kyrkjekontoret.

«Den vakraste kulturskatten»

Ordførar Øyvind H. Oddekalv (Ap) har gode ord til kyrkja.

- Eg helsar 150-årsjubilanten med respekt for alle dei som gjennom tidene gjorde sitt for å skapa det som i dag er Meland kommune sin vakraste kulturskatt – Meland kyrkje, slår Oddekalv fast.

Arnt Brakstad har skrive ein kronologisk artikkel som skisserer viktige milepålar frå den eldste kyrkja på Meland, stavkyrkja frå 1200-talet, fram til innføringa av betalingsterminal i dagens kyrkje og den nye Møteplassen med allsidig arbeid i Frekhaug senter. Tidlegare organist Arvid Sakseide skriv om orgelkjøpet på 1920-talet. Då vart det gamle orgelet frå Mariakirken kjøpt, sendt med båt til Holsnøy og frakta frå Dalstø til Meland med hest og kjerre. Det står i kyrkja enno, og held høg kvalitet.

Tidlegare sokneprest Helge Hitland skriv om gudstenestefeiringa og endringane i gudstenestene. Boka blir gjeve ut på det lokale Scholtz forlag.

Bok som punktum for jubileumsåret.

Jubileumsboka blir det siste som skjer i jubileumsåret for Meland kyrkje. Det byrja med skulevandringar i april, då alle skuleborna i kommunen – om lag  1200 personar - gjekk kyrkjevegane og fekk med seg ei forestilling i kyrkja. Nokre markeringar var det i mai, og så byrja det med mange konsertar og anna i august, september og oktober. Melandkyrkja var godt fylt opp på tilstellingane.  Og alle arrangementa har vore store dugnadsprosjekt, der dei fleste har gjeve ein stor innsats som frivillig arbeid. Arrangørane seier seg godt nøgd med kyrkjejubileet, og håpar Melandsfolk og andre ser kva gåve kyrkja både som bygning og som fellesskap av dugnadsvillige menneske er for lokalsamfunnet.  

Nokre manglar i teksten

Under utforminga av omtalen av organist Arvid Sakseide i jubiléumsskriftet vart noko diverre gløymt, nemleg samarbeidet han hadde med Songkoret Vågen og Kristine Fluge. Det er vi leie for.

Teksten står i avsnittet under, og desse linjene kan skrivast ut og limast i ytremargen på s.39 i jubiléumsskriftet:

Songkoret Vågen, tidlegare leia av Gunnar Furubotten, var i fleire tiår alltid med på julekonsertane, men frå 90-talet vart dei også regelmessige deltakarar på gudstenester og konsertar. I ei framføring av «Striletonen vår Herre skapte» var dei sentrale, og saman med dirigenten Kristine Fluge gav dei eit løft til mang ei konsertoppleving. Organisten minnest også med glede fellesframføringar med kantoriet og vil framheva dirigenten som ein viktig musikalsk medarbeidar.

Feil på giro

NB: Det kom ein feil på giroen som ligg i boka som har komen i postkassen 12.- 13.12.16. Det rette kontonummeret er 3632 07 04019. (Bøkene som kjem til Austebygda og Flatøy fekk retta giro) Det ligg ein retta giro som vedlegg nedanfor.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"