Spesialpresten på plass

Endeleg er spesialpresten på plass! Søndag 16.juni vert det innsetjing i Meland kyrkje og påfølgjande kyrkjelydsfest i Tveit bedehus. Meir om arrangementa i lenka nedanfor.  Her er intervjuet med Håkon Økland Kinsarvik i Kontakt nr 2.

Håkon, Linda og katten Leif Arne (Foto: T. Bøen)

Eg møter Håkon på ein flott balkong med utsikt mot himmelen midt på Frekhaug. Vårsola skin medan vi - med andakt - nyt den nytrekte kaffien frå Håkon sine eksklusive kaffibønner . Håkon Økland Kinsarvik trer inn i ei ny stilling som spesialprest i Meland kyrkjelyd i juni. Han er ganske fersk som prest, snart 30 år, og gler seg til å ta til i stillinga i juni. Han beskriv seg sjølv som ein energisk, positiv og spontan prest som likar å jobbe med ungdom. Den nye stillinga han skal tre inn i i Meland er ikkje heilt ferdig definert. Dei kallar det nybrottsarbeid på kyrkjekontoret. Det vil seie at dei sjølv må finne ut kva stillinga skal vere ut frå kva behovet er. Arbeid med born og unge er eit av satsingsområda.

Vegen til prestetenesta

Håkon vaks opp i Vaksdal aust for Bergen. Han er den andre presten frå Vaksdal som kjem til Meland, fortel han. Anders Magne Tolås Wendel var den første og har vore til stor inspirasjon for han. Håkon var lenge ei aktiv sjel i det kristne ungdomsarbeidet i Vaksdal.

- Eg fekk prestekall då eg var 16 år. Det var ei sterk oppleving. I byrjinga ville eg ikkje inn i Den norske kyrkja, men kallet vart så sterkt at eg enda opp her likevel. Og no trivst eg særs godt.

Etter vidaregåande gjekk han på IMI-kyrkja sin bibelskule Acta i Stavanger. Etter det flytta han tilbake til Bergen og byrja som sivilarbeider i Laget (NKSS).

-Men så reiste eg tilbake til Stavanger att og tok bachelor i teologi og innleiande praktikum ved Misjonshøgskulen. Etter 3 år i Stavanger kom eg attende til Bergen og starta masterstudiet på NLA medan eg dreiv med menighetsplanting.

Det var her han møtte Linda, kona. Dei skulle eigentleg ikkje bli saman sidan dei budde i same kollektiv, men kjærleiken ville det annleis. Linda måtte flytte ut att, og nokre år seinare vart dei gift.

- Etter praktikum i Tromsø fekk eg stiftspraksis på Osterøy. Der trengde dei vikar, så eg blei verande der i 2 år medan eg studerte vidare. Då jobba eg både i Åsane og Osterøy som prest. Eg dreiv med ungdomsarbeid der medan eg skreiv masteroppgåva mi om korleis konfirmantar forstår omgrepet synd.


Kyrkja som plattform

Håkon er glad i kyrkja og ønskjer å nå ut til folk.

- Kyrkja er ei enorm plattform for å treffe menneske. Det er også veldig mykje bra i kyrkja; gudstenesta, ungdomsarbeidet. Diakoni er kyrkja særs flink på. Kyrkja betyr noko for folk flest. Eg opplever at fleire og fleire prøver å finne ut kva kristendommen er. Den arenaen vi har i den norske kyrkja er heilt unik. Det er noko ein frikyrkjelyd berre kan drøyme om.

 

Det er fleire ulike kyrkjesamfunn i Meland og omegn. Eg spør kva spesialpresten meiner om plassen til Meland kyrkjelyd.

- Eg trur det er nok folk å ta av. Det er vel cirka 800 som går til gudstjeneste i Nordhordland og det bur nærare 8000. Det er mange fleire å ta av. Eg synest også at einskapsfesten i Knarvik er eit godt teikn. Vi heier på kvarandre.

Eg spør om favorittema som preiketekst.

- Eg trur eg ofte snakkar om etterfølging. Eg er stor fan av Dietrich Bonhoeffer, Peter Halldorf og Magnus Malm. Ordet etterfølging er ofte tema i mine preiker.

Fram til spesialpreststillinga trer i kraft jobbar Håkon i Eidsvåg kyrkjelyd. Han har også jobba som miljøterapeut med utviklingshemma på Steinestø.

- Eg likar eigentleg å jobbe med alle typar folk. Både ungdom og eldre. Nokon gonger gløymer vi at eldre menneske på mange måtar er lik oss sjølve. Men born og unge trivst eg absolutt saman med.

 

Familie frå Kinsarvik

 

Det viser seg at han har slektningar i Kinsarvik, som er sokneprest Bjørn Tore Sæle sitt gamle sokn. Håkon ler høgt når han tenkjer på det.

- Bjørn Tore har jo begravd besteforeldra mine. Og så har han døypt borna til søskenborna mine. Eg deltok i ein slik dåp saman med Bjørn Tore lenge før eg visste at vi kom til å bli kollegaer. Det er det vesle eg kjente til han, men eg har høyrt mykje godt om han frå tanter og onklar i Hardanger.

 

Spesialpresten likar godt å høyre på islandsk musikk. Særlig Sigur Rós er ein favoritt. Han spelar ikkje noko sjølv, men kona Linda spelar gitar, piano og syng. No kjem ho smilande heim frå jobben som sjukepleiar i heimetenesta. Dei to verkar særs sammensveisa og lykkelege.

- Det blir noko nytt å bu på same plass som eg jobbar, seier Håkon. Dei har budd på Frekhaug ei tid og kjenner fleire i både Knarvik og Meland kyrkjelyd allereie.

 

Gourmetpresten

Håkon likar det gode liv. Han set pris på kvalitetskaffi og elskar å lage god mat. Balkongen vi sit på bugnar av krydderplantar. Linda skryt heminigslaust av kokkeleringane hans. Han lagar fantastiske gourmetmåltid, fortel ho. Han likar særs godt å lage fiskerettar. Han danderer maten med pinsett og tek seg god tid.

Linda er stril. Ho kjem frå ein liten plass som heiter Myking i Lindås. Dei to ler av at dei har vore med i ei felles husgruppe i Meland kyrkje i 2 år utan å gå i kyrkja. Håkon har som regel vore opptatt andre stader på søndagane. Men no vert alt annleis.

I løpet av intervjuet har eg fått helse på katten Leif Arne. Han likar seg best heime og luskar berre ut om han må. Aller best likar han å kvile på skuldrane til den nye spesialpresten i Meland kyrkelyd.

Tekst: Torbjørn Bøen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"