Lesarbrev frå medlemmer i kyrkjeutvalet og soknerådet

Lesarbrev til Strilen og Avisa Nordhordland / september 2018

Nokre av dei mange som står klare til å fylle det nye kyrkjebygget med gode tilbod og kjekke aktivitetar Foto: Kristian Klocke

DIFOR TRENG VI NYTT KYRKJEBYGG I MELAND


Kyrkja og kyrkjelyden ønsker å vere nær det folket den tener. Visjonen er eit nært og tilgjengeleg kyrkjebygg for barn og unge, familiar og eldre. Her skal det vere rom for stor variasjon. Vi ser for oss eit felles vrimleområde der folk sit rundt småbord, drikk kaffi og koser seg mens praten går livlig, her kan vere dans for seniorar, eller kanskje ei flott kunstutstilling? Her kan barn og unge kome til leksehjelp, kor, bandøving og spelekveld, eller kanskje ein minikonsert med eit lokalt ungdomsband og eit begeistra ungt publikum? Eller rett og slett ei fullsett gudsteneste.


Meland kyrkje har ein rik kultur på frivillig arbeid, og desse medarbeidarane - i lag med staben - ønsker å bidra til gode tilbod heile veka - frå måndag til sundag. Vi har allereie i dag språkkurs for nye landsmenn, vi har Open Møteplass som eit tilbod på dagtid, vi har ein populær Babysong og ein del andre aktiviteter for barn, unge og vaksne. Men lokala ein disponerer i dag er dels dårleg eigna til formåla. Difor er tida meir enn moden for eit kyrkjebygg som kan fungere som møteplass, ha lågterskel aktivitetar med meining, tilby godt fellesskap for folk flest og vere ein stad der alle kjenner seg inkludert uansett tru og ståstad i livet. Det nye kyrkjebygget skal også romme kontor til våre tilsette der alle er hjarteleg velkommen til å slå av ein prat.


Det nye bygget kjem til å bli ei flott arbeidskyrkje. Annleis frå kyrkja på Meland frå 1866, som er ei seremonikyrkje, vil ei ny arbeidskyrkje vere eit hus fylt med aktiviteter heile veka gjennom. Saman møter dei to bygga behova i Meland - i kvardag, fest og høgtid!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"