Skulestart er ein milepæl i livet. Meland kyrkjelyd inviterer 6 åringane til å komme i kyrkja, der vi vil be for skulegangen og tida som ligg framføre dei. Dei vil og få ei 6årsbok med seg. Denne søndagen inviterer vi og alle 6åringane til å vere med på Løvegjengen, som er kyrkja sin søndagsskule.
Ranselbøn
Meland kyrkjelyd inviterer alle som skal byrje på skulen til å komme i kyrkja ein søndag rundt skulestart. Der ber vi for borna og tida som ligg framføre dei.
![Ranselbøn](/globalassets/fellesrad/meland-sokn/barn-og-unge/trusopplaring/dsc_0867.jpg?width=800&height=448&quality=80&contId=2631878)