Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Husgrupper - ein plass for trivsel og vekst

Ønsker du å vere del av eit lite og livsnært fellesskap der det er rom for både tru og tvil, glede og sorg? Ønsker du å vere del av eit fellesskap der vi saman set fokus på Gud og korleis eit liv med han ser ut som i vår kvardag? Ønsker du å vere del av ei husgruppe knytt til Meland kyrkjelyd?

I ei husgruppe vil vi at du skal oppleve at du er nær Gud og nær menneske. Visjonen til Meland kyrkjelyd er nettopp dette – «Nær Gud – nær menneske».

Nær Gud handlar om at han er sentrum i den kristne trua og når gruppa møtes. Vi set fokus på han og ser livet og trua i ein større samanheng gjennom Bibelen, bøn, lovsong, samtalar og ved å bli kjent med kvarandre.

Nær menneske handlar om å gå ein veg saman. Du får kome som du er med det du har av historie, tru, tvil, spørsmål og tankar. Du møter andre som kjem med sine liv, og saman er vi del av eit fellesskap som ser kvarandre. Vi vert oppmuntra og utrusta til å følgje Jesus som hans læresveinar og til å finne den enkeltes plass i kyrkja. Vi ser livet og tenesta i samband med den store misjonsbefalinga; «Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar…» (Matt. 28,19).

Felles for gruppene er at dei er livsnære fellesskap som samlast rundt Bibel, samtale, bøn og kanskje eit lite måltid. Tidspunkt, hyppighet, opplegg og samansetning av alder/kjønn/livssituasjon i gruppene varierer. Gruppene har mellom 6 og 12 medlemmar. Vi ønsker at gruppene skal vekse ved at nye kjem til, og delast for å få plass til fleire der det er naturleg. Vi ønsker òg å starte nye grupper.

Ta kontakt med kyrkjekontoret/sokneprest dersom du ønsker å vere med i ei husgruppe eller om du vil ha meir informasjon.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"