LEDIG STILLING SOM KYRKJELYDSPEDAGOG I MODALEN

Me søker etter ein person som kan leie trusopplæringsarbeidet i Mo sokn. Stillinga er retta mot born og unge frå 0-16 år. Den som vert tilsett har høve til å utforme stillinga i samråd med kyrkjeverje. Tilsetjing 1. april 2025 eller etter avtale. Stillingsprosenten er 40 %. Arbeidstida er i hovudsak knytt til faste aktivitetar på dei fleste onsdagane, og delvis andre andre dagar / helg. Er du pliktoppfyllande, både sjølvstendig og kan jobbe i team? Ynskjer du ein arbeidsplass med oversiktlege forhold, moderne arbeidslokaler, kjekke modølinger og trivelege kollegaer? Då oppmodar vi deg til søkje!

LEDIG STILLING SOM KYRKJELYDSPEDAGOG I MODALEN

ARBEIDSOPPGÅVER
–    Kyrkjelydspedagog vil starte arbeidet med å revidere gjeldande trusopplæringsplan.
–    Ansvar for å gjennomføre tiltaka i trusopplæringsplanen.
–    Tal del i gudstenester som er relevant for stillinga.
–    Ta del i arbeid med rekruttering og oppfylging av frivillige medarbeidarar.
–    Ansvar for innkjøp av nødvendig utstyr.
–    Arbeide med stoff til heimeside, «kyrkja vår» og sosiale medier. 

ARBEIDSSTAD

–    Kyrkjekontoret på Mo.
–    Høve til å nytte heimekontor.

YNSKJELEGE KVALIFIKASJONAR

–    Du likar å jobbe med barn og unge.
–    Er sjølvstendig og har samarbeidsevner.
–    At du er imøtekommande og pliktoppfyllande. 
–    Du må være medlem av Den norske kyrkja.
–    Erfaring kan kompensere for manglande formelle kvalifikasjonar.

ORGANISASJONSMESSIG PLASSERING

–    Kyrkjelydspedagog har kyrkjeverja som dagleg leiar.
–    Presten er næraste overordna i samband med gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege hendingar.

VI TILBYR

–    Løn etter avtale. 
–    Tilsetjing/arbeidsvilkår i tråd med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KAs tariffområde. 
–    Pensjonsordning i KLP.
–    Opplæring.

Mo sokn har ansvar for ei kyrkje og to gravplassar, samt drifta av den kyrkjelege verksemda. I staben er det kyrkjetenar, kyrkjelydspedagog, reinhaldar og kyrkjeverje. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Kyrkjeverje Lars Bjarte Nesheim
Tlf. 97 67 54 16
E-post: kyrkjekontoret@mosokn.no

Søknad med attestar og vitnemål kan sendast til e-postadresse ovanfor eller til:
Mo kyrkjelege fellesråd
Postboks 15
5732 MODALEN

Søknadsfrist: 20. februar 2025

Den norske kyrkja
Mo sokn, Modalen

Kontaktinformasjon for Mo Sokn

Kyrkjekontoret
Postboks 15
5732 Modalen

Kyrkjestove og kyrkjekontor flytta januar 2022 inn i Flodmaal, det nye nærings- og tenestesenteret i Modalen.

Ta kontakt for å avtale møte.

Sentralbord: 53 00 34 90 ( Merk nytt telefonnummer frå 1. februar 2022 )
Mobil: 97 67 54 16
E-post:
kyrkjekontoret@mosokn.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"