Behov for diakon
Valdres har vore utan fast diakon i svært mange år. Våren 2021 lyste Hamar bispedømeråd ut midlar til for å tilsette diakon. Dei kan dekke inntil 50 % av ei diakon-stilling mot at vi finn annan finansiering sjølve. God dialog med kommuneadministrasjonen og den kommunale representanten i kyrkjeleg fellesråd i Nord-Aurdal, gjorde at vi raskt såg at ein barne- og ungdomsdiakon ville bidra til satsing på barn og unge i kommuneplanen. - Det er mykje som skal legge seg til rette på vegen mot å bli vaksen. Mange stader i landet har nettopp ein diakon som barn og unge har tillit til, vore til god hjelp. Her treng ein ikkje henvisning om ein treng nokon å snakke med, seier sokneprest Kristine Inderhaug.
Hamar bispedømeråd innstilte Nord-Aurdal på førsteplass for diakon-midlar. Marta Bjørnøy Lalim frå Vang er medlem av bispedømerådet, og hennar drahjelp var avgjerande.
Seks søkarar
Fire kvinner og to menn har søkt stillinga, og det er brei og relevant bakgrunn blant søkarane. Diakoni-rådgjevar April Holten ved bispedømekontoret bistår oss i tilsettingsprosessen, då den som blir tilsett må fylle enkelte krav for å kunne vigslast som diakon.
Desse har søkt: Gonzalo Exequiel Vernetti (33), Therese Meyer Baines (56), Bjørg Fredheim (58), Martha Fodnes (38), Elisabeth Bakke Meisdalshagen (53), Bjørn Ladstein (48).
Tilsetting i løpet av september
Vi har starta søknadshandsaming. Vi vonar vi har ein signert arbeidsavtale med vår nye diakon før haustferien, seier kyrkjeverge Aud-Karin Hovi.