Open dag i Ulnes kyrkje sundag 30. juni 2024 kl 14–17

Kyrkja i Nord-Aurdal og Valdresmusea inviterer til eit nært møte med ein av dei eldste i bygda, Ulnes kyrkje. Det blir enkle servering, fagleg program og mykje omvisning. Ulnes kyrkje er ei middelalderkyrkje i stein midt i vakre Valdres. Det er ei stor glede å ha eit slikt smykke av eit bygg i bygda. Og det er eit felles ansvar å ta vare på det. Sundag 30. juni arrangerer Ulnes sokneråd, Nord-Aurdal kirkelige fellesråd og Valdresmusea open dag om kyrkja og kulturminneforvaltinga i kommunen. Arrangementet er ope for alle.

Ulnes kyrkje -sørsida med stillas

Ulnes kyrkje er ei middelalderkyrkje i stein frå omlag år 1265. Kyrkja er det eldste bygget i opprinneleg bruk i Nord-Aurdal, og det har vore fleire forsøk på å rehabilitere fasaden utan varig hell. Difor har Nord-Aurdal kyrkjelege fellesråd no fått tilskott til å gå i gang med grundigare forarbeid enn ein har hatt høve til tidlegare.

 

 

Kyrkjeløftet

Tilstandsanalyse for både innvendig og utvendig arbeid vart ferdigstilt i 2023. No er ein i gang med andre etappe, forprosjektet. Fellesrådet har fått tilskott frå både kommunen og Riksantikvaren til eit forprosjekt på utvendige vegger, tak og deler av ein innervegg. Forprosjektet skal vere ferdig sommaren 2025, og då vil fellesrådet ha eit godt grunnlag for å søkje om statleg finansiering frå Kyrkjeløftet, og kommunal finansiering på resten.

 

Felles kompetanse på tvers av fagmiljø

Nord-Aurdal kyrkjeleg fellesråd forvaltar kyrkja på vegne av eigaren, som er Ulnes sokn. Fellesrådet er oppteken av å nytte og bygge kompetanse med dei beste fagmiljøa for eit godt og varig resultat. For å få det til må ein samarbeide med alle relevante aktørane der dei viktigaste i denne omgangen er Valdresmusea, Riksantikvaren, kyrkjebyggavdelinga i KA og ikkje minst lokale tradisjonshandverkarar.

 

Open dag

30. juni inviterer Ulnes sokneråd, Nord-Aurdal kyrkjelege fellesråd og Valdresmusea  til open dag i Ulnes kyrkje. Arrangementet byr på eit nært møte med bygget, med historia og Ulnes kyrkje sin plass i bygda. Det blir korte innlegg og samtale om Kyrkjeløftet, og dialog med publikum i etterkant. Fabrica kulturminnetjenester AS, som har fått i oppdrag å utføre forprosjektet, er òg med denne dagen.

 

Program

1400-1410: Velkommen v/Aud-Karin Hovi kyrkjeverge i Nord-Aurdal og Arnt Erling Ringsaker kyrkjetenar i Ulnes gjennom mange år

1410-1430: Fabrica kulturminnetjenester v/Morten Stige og Per Storemyr -  om Ulnes kyrkje og nokre funn så langt i forprosjektet

1430-1440: KA v/Ole Christian Torkildsen: Kirkeløftet for heile Noreg og Ulnes kyrkje

1440-1445: Valdresmusea v/Ole Aastad Bråten: handverkskompetanse og utdanning

 

1445-1515: Dialog om Kyrkjebygget som levande kulturminne. Ulnes kyrkje har stått i snart 1000 år – kven bestemmer kva om kyrkja dei neste 1000 åra?

 

1515-1530: Enkel servering

1530-1630: Omvisning på fleire stasjonar: inne i kyrkja, ute rundt kyrkja og oppe i tårnet

1630-1700: Open runde for dei som vil stille fleire spørsmål/ikkje fekk med seg starten

1700: Slutt 

Vonar mange finn vegen til eit unikt møte mellom bygg og folk.

Arr: Ulnes sokneråd, Nord-Aurdal kyrkjelege fellesråd, Valdresmusea

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Nord-Aurdal kirkelige fellesråd

Nord-Aurdal kirkelige fellesråd holder til i 2.etasje i DNB-bygget. Adgang fra bakgården.

Kontoradresse:  Jernbanevegen 5,  2900 Fagernes

Postadresse: Jernbanevegen 5, 2900 Fagernes

E-post: post.nord-aurdal@kirken.no 

Telefon: 61 36 00 60 

Telefon- og besøkstid:

Man-Fre kl. 9-12

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"