Ulnes kyrkje – smykket vårt

At Ulnes kyrkje er smykket i bygda, er det ingen tvil om. Onsdag denne veka kom NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning) på oppdrag frå Riksantikvaren. NIKU gjer i desse dagar undersøkingar i fleire middelalderkyrkjer for å skrive tilstandsrapportar av kalkmåleria og innvendige murar. Kanskje kan ein håpe på ei statleg tilskottsordning også for dette i framtida?

Susanne Kaun og Thomas Ragazzon Smestad frå NIKU.   Foto: Aud-Karin Hovi

Like gamal som mange stavkyrkjer

Valdres blir gjerne kalla «Stavkyrkjedalen». Her står seks av dei 28 bevarte stavkyrkjene i Noreg, og dei vart bygde i same periode som Ulnes kyrkje som er frå rundt året 1265. Kalkmåleria inne er frå slutten av 1700-talet, og dei vart restaurert i 1953-54. «Det er sjeldan ein ser slike måleri i såpass god stand som i Ulnes kyrkje», sier Susanne Kaun i samtale med kyrkjeverge Aud-Karin Hovi. Kaun er konservator for veggmåleri og arkitekturoverflater i NIKU. Saman med kollega Thomas Ragazzon Smestad som er er måleri- og muralkonservator arbeidde ho i fleire timar onsdag ettermiddag med å vurdere kyrkjerommet og måleria spesielt i Ulnes kyrkje.

Kanskje tilskottsordning i framtida?

NIKU kartlegg veggmåleri i mange slike steinkyrkjer no på oppdrag frå Riksantikvaren. Vi får tilsendt tilstandsrapporten for Ulnes når den er ferdig, utan at det kostar kyrkja i Nord-Aurdal noko. I dag er det inga tilskottsordning for å restaurere eller ivareta slike veggmåleri. «Sjølv om måleria i seg sjølve er i god stand i Ulnes, er dei i mykje dårlegare forfatning bak enn vi trudde», seier Smestad. Ei lita rift dersom nokon er uheldige å kome borti, kan få store flak av måleria til å falle av. Så her er det naudsynt å få gjort noko i løpet av få år. Kaun seier at dette ikkje er eineståande i Ulnes. «Vi veit at det skal svært spesiell kompetanse til for å å utføre restaurerings- og bevaringsarbeid på kalkmåleri. Og vi kan berre vone at det kjem på plass tilskottsordningar for å ta vare på desse unike måleria i framtida. Smykker som er i dagleg bruk, må ein både ta vare på og i blant få pussa opp. Slik også med Ulnes kyrkje,» avsluttar Hovi.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Nord-Aurdal kirkelige fellesråd

Nord-Aurdal kirkelige fellesråd holder til i 2.etasje i DNB-bygget. Adgang fra bakgården.

Kontoradresse:  Jernbanevegen 5,  2900 Fagernes

Postadresse: Jernbanevegen 5, 2900 Fagernes

E-post: post.nord-aurdal@kirken.no 

Telefon: 61 36 00 60 

Telefon- og besøkstid:

Man-Fre kl. 9-12

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"