Bli med som frivillig medhjelpar i Os kyrkjelyd!

Bli med og opplev fellesskapet! Med oppgåvene følgjer møter med kjekke folk. Gode samtalar kan gje nye perspektiv og nye vener.

Somme tider i livet kan eit byte i tilværet passe godt.

• Kan hende har du opplevd forandring i livssituasjonen din?
• Kanskje har barna flytta ut og du har tid til overs?
• Kanskje har du nett vorte pensjonist?
• Kanskje er du ny i Os?
• Kanskje slit du litt med einsemd-kjensla og vil gjere noko med det?

Grunnane kan være mange og ulike. Ein ting er sikkert, vi har mange frivillige medhjelparar i Os kyrkjelyd, og det er vi glade for! På den måten kan det store mangfaldet av aktivitetar i kyrkjelyden blomstra. Du kan lesa om aktivitetane på vår webside: kyrkja.no/os
Kyrkjelyden består ikkje berre av dei som går jevnleg i kyrkja, men av heilt vanlege osingar.

Prestar og trusopplærarar tar seg av det åndelege, mens frivillige ordnar det praktiske:

• hjelpe å rydde stolar og bord etter enkelte arrangement.
• ulike oppgåver under arrangement.
• kjøken-teneste som å trekke kaffi, steike vafler, varme graut, vaske opp og
  liknande.
• oppgåver i samband med gudstenestene.
• medhjelpar ved minnesamvær.
• Ryddeteam i TUNET

Ung eller gamal, kvinne eller mann, vi ønskjer DEG med i arbeidet og fellesskapet!

Her kan du melde deg som frivillig medhjelpar

Kontaktinformasjon for Os kyrkjelege fellesråd

Kyrkjekontoret ligg i Tunet kyrkje- og kultursenter i Os sentrum.

Besøksadresse: Øyro 49, 5200 Os
Postadresse: Postboks 209, 5202 Os

Fakturaadresse:
Os sokneråd
c/o Akasia
Postboks 4 Ytre Laksevåg
5848 Laksevåg
eller epost: faktura.os@akasia.no

Telefon: 56 57 24 00  
E-post:  post.os@kyrkja.no
Telefon- og besøkstid:
måndag-fredag 09-14

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"