Konfirmantåret 2021/22

No er det klart for påmelding til «konfirmant 2021/22». I konfirmasjonstida er det rom for å utforske mange viktige sider av livet saman med andre. Du får lære meir om Gud, om trua, om deg sjølv og den verda du er ein del av. Uansett kva som er grunnen for deg, så er det viktig at du vel dette fordi du sjølv ønsker det. Vi håpar du vil vera konfirmant hos oss!

Før påmelding
Vi har erfaring med at det er viktig for konfirmantane å vera saman med andre kjende/vener i  aktivitetsgruppa. Snakk saman med vener og andre familier før de melder konfirmanten på.  På denne måten unngår vi mykje endringar og bytte av grupper ut over hausten.

Vi kan tilby eit variert og spennande opplegg som vi trur vil falla i smak hos mange! Ta ein kikk og sjå om dette er noko for deg.

Brosjyra vert sendt i posten til alle medlemmer født i 2007. Du kan og lese den her.

Her er lenke til informasjonsmøte for konfirmantar og føresette 2021/22 -
Torsdag 3. juni kl 19.00. 


Spørsmål kan sendast på e-post til gs234@kyrkja.no

Konfirmasjonsdatoer 
Nore Neset kyrkje laurdag 7. mai og søndag 15. mai.
Os kyrkje søndag 8. mai og laurdag 14. mai.

Ved påmelding vel ein sjølve dato for konfirmasjon. Likevel tek vi eit lite atterhald om tilnærma 50/50-fordeling mellom helgene i dei to kyrkjene våre. Vi vil imøtekomme ønskje så godt som råd

Påmelding
VIKTIG! Ved påmelding må du ha klar:

-          Bilde av konfirmant
-          Konfirmanten sin telefon og e-post
-          konfirmantens person.nr
-          dåpsdato og kyrkje
-          Føresette sin telefon og e-post

Det er viktig at alle rubrikker blir utfylt, spesielt kontaktinfo på konfirmant og føresette.

Her kan ein føresett melde konfirmanten på elektronisk

Velkomen til ei spennande og utfordrande konfirmanttid!

 

[Missing text '/cookieconsent/missingConsentSharing' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)'][Missing text '/cookieconsent/missingConsentMessageFunctional' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)']

Kontaktinformasjon for Os kyrkjelege fellesråd

Kyrkjekontoret ligg i Tunet kyrkje- og kultursenter i Os sentrum.

Besøksadresse: Øyro 49, 5200 Os
Postadresse: Postboks 209, 5202 Os

Fakturaadresse:
Os sokneråd
Postboks 209
5202 Os


eller epost: mb.20018@xledger.net
Org. nr. 976995155

Telefon: 56 57 24 00  
E-post:  post.os@kyrkja.no
Telefon- og besøkstid:
måndag-fredag 09-14

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"